jump to navigation

Fylkesmannsdebatt 26. januar 2010

Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging, Politikk | skriv ein kommentar

For den som ikkje heng heilt med i informasjonsstraumen: Rypa har i dag sett i gang ein interessant debatt om og med fylkesmannen (embetet) og utdanningsdirektøren (herself) på og om fylkesmannsbloggen. Sympatisk nok svarar fylkesmannen (himself) både her og der. Kan ikkje nekta for at det er interessant, festleg og nyttig å få greie på kva som vert tenkt på innsida av Statens hus.

27/1: No også på NRK S&Fj

Taparblogg 23. oktober 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging | 8 kommentarar

Bloggane i heimen har dei siste månadene hatt om lag like stor trafikk målt i viste sider. Utviklinga dei siste dagane har derimot vore sterkt urovekkjande for Krundalsbloggen:

bloggtreff3.jpg

Det er såleis ikkje berre noreg.no som slit for tida. Det store spørsmålet er no: Korleis kan Krundalsbloggen ta att forspranget?

Endeleg 2. mai 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging, Språkhistorie | 4 kommentarar

Til glede for vanvittig mange, og etter tallause etterlysingar, har eg no teke til å leggja ut språkhistorieartiklane mine (under “tekstar” i toppmenyen). Mange låg rett nok på dei gamle nettsidene, men no blir dei flytte hit slik at de kan lesa dei ein gong til. Og fylg med – meir er i vente.

Rypa har flytt 24. april 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging | skriv ein kommentar

Då har ho fått seg ein meir høveleg stad å bu, så bloggen er no å finna på www.jostedalsrypa.no (og ikkje lenger på jostedalsrypa.wordpress.com).

Då er me i gang 12. april 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging | skriv ein kommentar

Denne skjermbunaden (eller temaet som WordPress kallar det) skulle vera keisam nok og såleis høveleg for det som kjem til å skje på denne bloggen.

Ein stor takk til Nyvri i Bergen som har omsett WordPress til nynorsk (og bokmål), så heile redigeringspanelet (som de ikkje ser) er no på målet i staden for utanlandsk.

Skjermbunaden eg brukte var på engelsk, men skulle no i det store og heile stå fram for dykk på nynorsk etter litt hobbyredigering. Dei store spørsmåla i livet er no, i rekkjefølgje, korleis ein skal:

Ein ny bloggar 12. april 2007

Skrive av admin og lagra i: Blogging | skriv ein kommentar

No bloggar visst alle, medrekna fruen, så det er vel ikkje nokon veg utanom. Eg byrjar friskt, så ser me kor lenge det varar. Dersom du både interesserer deg for soga til målrørsla, målstriden i dag, samfunns- og kulturliv i Jostedalen, lokalhistorie om Jostedalen, Luster og Sogn, og livet til huslyden vår på Haugamyrane, er dette den ideelle bloggen for deg. Om opptil fleire av desse emna interesserer deg mindre, kan dette bli langdryge saker.

Heimesida vår, www.krundalen.no, eksisterer framleis, og som før er det ein nettstad der det ikkje skjer all verda. Der finn du fyrst og fremst meir eller mindre glupe tekstar eg har skrive opp gjennom åra og informasjon om det unge og dynamiske firmaet Krundalen kulturtenester.

Ein gong kjem kanskje alt stoff på www.krundalen.no inn i bloggen – kven veit. Det får bli når ungane er store, iallfall større.

Blogroll Link Update