Kyrkjeboka lansert 5. juli 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | skriv ein kommentarLaurdag 26. juni vart jubileumsboka om Jostedal kyrkje lansert på Breheimsenteret. Det store lasset har forfattarane Kåre Øvregard og Asbjørg Ormberg og biletredaktør Kristen Ormberg drege. Men eg har fått vere med og har hatt mykje glede av å skrive eit kapittel om økonomien i presteembetet (det dårlegaste i landet) og eitt om Jostedal prestegard. Skald forlag har sytt for at det har vorte ei særs fin bok. Meir om boka hjå Jostedal historielag, der mange av kjeldene òg er lagde ut. På lanseringa hadde eg eit lite innlegg som ligg her.

Ubåt i Sognefjorden 1972? 10. februar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie | 1 kommentar til noNo på nyåret har ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972 igjen dukka opp i media. Firda har fått tak i ’nyleg nedgraderte dokument’ frå Forsvaret, og somme media har lagt fram dette som ei stadfesting på at det var ein sovjetisk ubåt i Sognefjorden i 1972. (mer…)
Grisgrendtfylke nummer ein 28. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Politikk | 4 kommentararKronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar.
”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt!” Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt? (mer…)
Kyrkjesoge 18. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 1 kommentar til noJostedal kyrkje er 350 år i år, og eg har skrive eit par kapittel til jubileumsboka (kjem til sommaren), om prestegarden og økonomien i prestekallet. Her er uhorveleg mykje spanande stoff om tilhøva i bygda, særleg på 1600- og 1700-talet, så eg let eit manusutkast liggja ute nokre veker ifall nokon skulle ha ein kommentar eller to til teksten (vart teke bort 12/2).
Mykje av det sentrale kjeldetilfanget er elles lagt ut på nettstaden til Jostedal historielag.
Ekspertkommentarar 3. april 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Språkhistorie | skriv ein kommentarDei fyrste spede kommentarane til Avhandlinga er alt noterte. I dag var me alle på forseinka 89-årsdag i Luster, 20 meter bak minnesteinen over Henrik Angell (omtala på side 238, 240-241, 245, 252, 261, 272-273, 275, 277, 381-383, 386, 392, 435 og 439-440). Der finn me den høgaste nolevande kompetansen på slit i storfamilien, og verket vart presentert.
Ho: – Oohhfff. Eg vert kvalm når eg tenkje’ på det.
Han: – Har du skrive alt ditta?
- Ja…
- Fy faen! Du får vel meir løn no?
Levert 29. mars 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Språkhistorie | 6 kommentararNo er det heilt trygt å spørja når eg er ferdig med avhandlinga. Så no må eg finna på andre grunnar for ikkje å oppdatera denne bloggen.
Pontoppidan på visitas 8. august 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | skriv ein kommentarEndå ein hardtslåande bisp har kome til orde hjå Jostedal historielag. Denne gongen var det ikkje jostedølene allment, men presten Matthias Foss, kona og embetet hans som fekk gjennomgå. Det Pontoppidan skriv om Jostedalen i visitasberetninga frå 1749, har ikkje vore prenta før anna enn eit lite (og mykje sitert) utdrag. Men no kan ein lese heile stykket om Jostedalen, takk vere kyrkjehistorieprofessor Oddvar Johan Jensen som har stilt avskrifta si til rådvelde.
Vrange jostedøler i 1625 5. august 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 1 kommentar til noI eit brev frå 1625 gav biskopen kyrkjelyden i Jostedalen inn etter notar for å stelle dårleg med den stakkars soknepresten. Om ikkje jostedølene gav presten det han hadde krav på etter kallsbrevet, “foruden Knur, Vrangvillighed, skalkagtig Underfundighed og Bitterhed,” kunne dei vente seg litt av kvart frå Vår Herre “snarere end mange troer”. Les brevet hjå Jostedal historielag.
På Storen i 1827? 28. mars 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie | 5 kommentararI eit brev frå 1906 vert det hevda at Amund Lammers var på Store Skagastølstind i 1827 og såleis slo Slingsby med 49 år. Veit du noko om dette? Sjå meir på nettsida til Jostedal historielag.
Jostedalen på Nasjonalgalleriet 27. mars 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie | skriv ein kommentar
No i vår heng utstillinga “Oppdagelsen av fjellet” i Nasjonalgalleriet (Oslo). Dei stiller ut 170 kunstverk frå 1820- til 1850-åra – den perioden då norske kunstnarar (og vitskapsfolk) verkeleg oppdaga fjellheimen. Jostedalen vart òg “oppdaga” i desse åra – med “Myrhorn” av Johannes Flintoe som det mest kjende verket. Museet har òg laga ei fiks nettutstilling der eit utval av bileta er med, m.a. “Myrhorn” og “Nigardsbreen” av Flintoe og “Nigardsbreen” av Knut Baade (1846). Luster og Indre Sogn er i det heile svært tungt representert der. Sjå òg melding av utstillinga i Aftenposten. Det store spørsmålet frå ein som ikkje har vore der enno, er om dei òg har stilt ut “Krondal” av Flintoe.

