Norsk målreising, band 1 27. april 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | skriv ein kommentarDet er alt fleire veker sidan boka kom og såleis på høg tid å gratulera tidlegare stipendiatkollega Jens Johan Hyvik med Språk og nasjon 1739-1868, band 1 i verket Norsk målreising på Samlaget. I dag får boka ei flott melding over ei heilside på kronikkplass i Bergens Tidende, av språkdirektør Sylfest Lomheim. Band 2 kjem til hausten, vert det meldt frå forlaget. Så då då lyt visst eg snart koma i gang med å finna illustrasjonar.

Edvard Os 125 år 20. april 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | skriv ein kommentarI dag er det 125 år sidan nordfjordingen, målmannen og offiseren Edvard Os (1885-1970) vart fødd. Os er hugsa i målrørsla som ein stor strateg og effektiv organisasjonsbyggjar, men òg som ein illgjeten stridbukk. I doktoravhandlinga mi har eg vigd ein del plass på den militærpolitiske aktivismen til målrørsla, mellom anna Edvard Os. Det skulle såleis høva godt med eit lite (?) utdrag frå kapitlet “Gjelsvik–Os-regimet” (side 388-92, her utan notar og referansar): (mer…)
Doktorgradssong 9. desember 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 8 kommentararPå jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at “Leid, milde ljos”, omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.
Ei lita lesarrettleiing: Fyrste verset handlar om kva rettleiaren har å seia, andre verset om kor teit det er å ikkje høyra på rettleiaren, og tredje verset om å høyra på rettleiaren att, og om levering, disputas og komite/disputasleiar (”engleåsyn blid”).
Leid, milde ljos, igjenom skoddeeim,
Leid du meg fram!
Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
Leid du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
So langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.
Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
Leid du meg fram!
Eg vilde velja sjølv min veg, men no
Leid du meg fram!
Eg vilde liva vilt, var stolt og strid
Og stor i mod – å gløym den dårskaps tid!
Di makt hev signa meg, då veit eg visst
Du leider enn
I myr og fjell og heid, og so til sist
Ein morgon renn,
Då til meg smiler engleåsyn blid
Som eg hev elska fyrr, men mist ei tid.
(Her etter M.B. Landstads kirkesalmebok, 1926, s. 595.)
Festen over… 23. november 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 4 kommentarar… og moro var det. Prøveførelesinga og presentasjonen av avhandlinga finn du her (utan brigde).
Generalprøve 15. november 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Språkhistorie | 7 kommentarar Det vert snakk om turen til Trondheim i slutten av veka, og mellomsyster (5) har forlengst lært seg ordet disputas.
- Og so skal dei spørje deg om boki di, pappa?
- Ja
- Kan andre hjelpe deg om du ikkje greier å svare?
- Nei
- Men om du ikkje veit svaret – seier dei det då?
- Kanskje…
- Spør dei deg om kvifor du skreiv so stor bok?
- Ja, sikkert…
- Kvifor skreiv du so stor bok, pappa?
- ….eh…
Melding om disputasen 20/11 4. november 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 1 kommentar til no… er lagt ut på NTNU sine nettsider. Emne for prøveførelesinga:
Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940
Avhandlinga prenta 18. oktober 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 4 kommentararDet humanistiske fakultetet ved NTNU har no eit lite opplag av avhandlinga til (gratis) utsending etter ‘fyrst til mølla’-prinsippet. Ring sentralbordet ved NTNU (73 59 50 00) og sei kva det gjeld.
Oppdatering 16/11: NTNU har no gått tom. Det vert lagt ut nokre få eksemplar til utdeling i auditoriet under disputasen (gratis), og eg har eit lite opplag til sals, til kostpris. Det er berre å ta kontakt.

Avhandlinga godkjend 16. september 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 9 kommentararEller som det meir presist og formelt heiter i e-posten frå NTNU i dag tidleg: “Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD.” Disputasen vert 20. november i Trondheim.
Oppdatering 24/9:
Prøveførelesing kl 10.15, disputas kl 12.30. Stad: Auditorium D3 på Dragvol. Fyrsteopponent vert docent dr. Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola), andreopponent professor May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder). Den tredje komitemedlemen er professor Ingar Kaldal, NTNU.
Ekspertkommentarar 3. april 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Språkhistorie | skriv ein kommentarDei fyrste spede kommentarane til Avhandlinga er alt noterte. I dag var me alle på forseinka 89-årsdag i Luster, 20 meter bak minnesteinen over Henrik Angell (omtala på side 238, 240-241, 245, 252, 261, 272-273, 275, 277, 381-383, 386, 392, 435 og 439-440). Der finn me den høgaste nolevande kompetansen på slit i storfamilien, og verket vart presentert.
Ho: – Oohhfff. Eg vert kvalm når eg tenkje’ på det.
Han: – Har du skrive alt ditta?
- Ja…
- Fy faen! Du får vel meir løn no?
Levert 29. mars 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Språkhistorie | 6 kommentararNo er det heilt trygt å spørja når eg er ferdig med avhandlinga. Så no må eg finna på andre grunnar for ikkje å oppdatera denne bloggen.

