jump to navigation

Studiering i målsak 28. januar 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Målsak | 3 kommentarar

Gamle EG fengslar stadig nye lesarar

Lustramarknad og målpris 9. juni 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | skriv ein kommentar

dscf3021.JPGOg i dag heile familien på ekspedisjon til Lustramarknaden i Gaupne i steikjande sol. No har det vel vore varmt så lenge at det er lov til å klaga? Jentene fekk prøva seg på verdas minste tivoli, og elles surra me rundt i ørska på jakt etter grillmat, is, ballongar og skugge.

malprisen-07-1.jpgMe hadde ingen ambisjonar om å ta bilete, men det hadde heldigvis Torodd Joranger på kommunen. Han fekk såleis teke av det som var hovudærendet med turen: å dela ut Luster mållag sin målpris til Kåre Øvregard. Meir om prisen og vinnar Kåre hjå Luster mållag.

Då me skulle heim, var det store spørsmålet som vanleg korleis ein kunne få to store heliumballongar inn i bilen (neste år blir det tre). Eit stort poff på Hausamoen vart eit effektivt punktum for ekspedisjonen. Der greidde Øyvind å bita hol i øyra på ballongen til storesyster. Giss ein gong om det var populært hjå eigaren.

Motkultur-saus om Frp 12. mai 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | 1 kommentar til no

I eit større oppslag 11. mai prøvde Klassekampen seg på å sjå Frp-framgangen på Sør- og Vestlandet i samanheng med “motkulturane”. Oppslaget ligg diverre ikkje på nettet. Innlegget nedanfor stod 18. mai.

(mer…)

Til lukke, Bård!! 7. mai 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | 2 kommentarar

.. som i dag stupte over målstreken og fekk levert ei av verdas siste hovudoppgåver – dette semesteret er overgangsordninga slutt og alt blir “master”. Kommisjonen kan no gle seg til oppunder 300 strålande sider om ordtradering på Stord.

11_juli06_0027.JPG

Luster mållag – årsmøte og nettsider 23. april 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | skriv ein kommentar

Eg nyttar høvet her til å gjera kjent for all verda at Luster mållag har fått seg framifrå WordPress-nettsider no, på www.krundalen.no/lustermaallag. Dessutan velkomen til dei to unge damene som kom inn i styret på årsmøtet 19. april – Marit Aakre Tennø og Anki Sperle. På mållagssidene finn de òg ut kva Ove Eide sa om Jakob Sande på møtet.

Blogroll Link Update