Grisgrendtfylke nummer ein 28. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Politikk | 4 kommentararKronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar.
”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt!” Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt? (mer…)
Fylkesmannsdebatt 26. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging, Politikk | skriv ein kommentarFor den som ikkje heng heilt med i informasjonsstraumen: Rypa har i dag sett i gang ein interessant debatt om og med fylkesmannen (embetet) og utdanningsdirektøren (herself) på og om fylkesmannsbloggen. Sympatisk nok svarar fylkesmannen (himself) både her og der. Kan ikkje nekta for at det er interessant, festleg og nyttig å få greie på kva som vert tenkt på innsida av Statens hus.
27/1: No også på NRK S&Fj
Grisgrendtfylket 18. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | 5 kommentararDet er på høg tid å bli mindre oppteken av folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. I utviklingsdebattane i fylket er folketal det hardaste argumentet. Nedgangen må snuast, og Sogn og Fjordane må helst veksa like raskt som dei andre vestlandsfylka. Mellom tiltaka er tung satsing på kysten, for der finn ein jo vekstmotorane i dei andre vestlandsfylka, og tung satsing på regionsentra (gjerne byar). Tida er over for grisgrendtsatsing.
For all del: Folketal er viktig. Folketal er kjøtvekt i den nasjonale politikken, og særleg viktig er det å demma opp mot at dei som tek akademisk utdanning flytter frå fylket for godt, i ei tid då større og større delar av ungdomskulla tek utdanning.
Det er likevel eit problem for utviklingsdebatten at ein lukkar augo både for særpreget til Sogn og Fjordane i dag og for dei lange historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Det er meiningslaust å samanlikna seg med dei andre vestlandsfylka. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60 %), sjølvsagt på grunn av olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter SSB sine kriterium. I nord finn me stor-Ålesund på 11-plass på den same ’tettstad’-lista, attåt to andre byar i same fylke. (Wiki | SSB) (mer…)
Kvalitet – små og store skular 7. november 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen, Politikk | 2 kommentararI budsjettframlegget for 2010 går rådmannen som kjent inn for å flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst økonomisk, men vert òg forsvart fagleg med følgjande setning:
Trinna med små elevgrupper får gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap. (s. 31)
I rådmannsstaben har ein alt vedgått at dette ikkje botnar i ei konkret vurdering av faglege og sosiale tilhøve ved dei skulane det gjeld, men at ein stør seg på generelle vurderingar av små og større skular. Me har spurt om tilvisingar til faglitteratur som kan underbyggje dette. I ventetida kan me jo sjå kva eit par fagfolk på feltet meiner. (mer…)
7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne? 31. oktober 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen, Politikk | 3 kommentararRådmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 på torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det hårreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, så her kjem dei. Kort oppsummert: (mer…)
Demo i Krundalen 7. august 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarDet er ikkje kvart tiår krundølene held punktdemonstrasjonar, men på eit vis var det vel det me hadde på Grov i går. Dei me demonstrerte mot, visste ikkje om det, og media var heller ikkje der, om ein då ser bort frå onkelen til han i framgrunnen. Men med litt flaks kjem me i avisa likevel.
Vestsida-Vigdøla 30. juli 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarVasskraft er sjølvsagt flotte greier, men det er rennande elvar òg. Jostedalen burde ha godt nok samvit for lenge sidan (1,3 TWh/år) når det gjeld å forsyne verda med fornybar energi. Får Statkraft konsesjon til å byggje ut dei åtte vestsideelvane frå Myklemyr til Krundalen, vil ein knapt kunne sjå ei urørt elv frå dei busette områda i bygda. I Krundalen vil Røykjadøla og Tverradøla gå med i dragsuget med bekkeinntak på 520-540 meter. Statkraft sende i juni melding til NVE om prosjektet, og no er underskriftsaksjonen mot utbygginga i gang, sjå Vestsida-Vigdøla.no.
Ortopedi 15. august 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Mobilmelding, Politikk | skriv ein kommentarLærdal kl 12.45: Harry Mowatt gjentok på radioen i føremiddag at det er for mykje ortopedi i fylket. Knalltora som datt ned troppi, og ikkje minst sjåføren, er veldig glade for at me ikkje er på veg til Førde for røntgen no.
Sluttrapporten til Nasjonalt råd 15. februar 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarPål Øian i det avtroppande Nasjonalt råd for fødselsomsorga har i dag fått ein del mediedekning på bakgrunn av den slutt”rapporten” som kom frå rådet for eit par dagar sidan. Rådet har aldri vore spesielt sterk når det gjeld Internett, difor skal dei her – heilt gratis – få litt help.
Last ned sluttrapport frå Nasjonalt råd (doc-format)
Les også kommentaren til Bente Øien Hauge (sterkt tilrådd!)
Ein kommentar i kortversjon er følgjande: Har Øian & Co verkeleg ikkje meir å koma med??
Farvel til Nasjonalt råd 22. desember 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarSom tidlegare meldt trekte Nasjonalt råd for fødselsomsorga seg tidleg i november. Dette førte til ein del ståk i media der Bente Øien Hauge som vanleg gjorde ein framifrå jobb. Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga i fjor vår til eit innlegg som vart sendt til ymse aviser i hennar og mitt namn. Det burde ha kome ut her for ein månad sidan, men kjem no som ei avveksling til jolekortlesinga. Dette stod i noko ulike versjonar i Sogn Avis (kronikk) 10.11., Firda på same tida, Bergens Tidende (kronikk) 14.11. og Klassekampen (innlegg) 22.11.
