Kategoriarkiv: Heimeliv

Den fyrste snøen i Krundalen

Kvart på sju i dag byrja det å snø, og klokka 9 såg det slik ut. [mygal=2007-09_sno]

Lagt inn i Heimeliv, Jostedalen | Legg att eit innspel

Heime åleine

Til alle som er urolege for korleis det går no som far passar ungar medan mor er på doktorutdanning i Oslo: ta det heilt med ro – her greier me oss fin-fint. [mygal=2007-08-heimealeine]

Lagt inn i Heimeliv | 2 innspel

Globetrotter

Som tidlegare meldt både her og der, stilte Kristi, Tora og Øyvind meir eller mindre velviljuge opp for tysk reklamebransje tidlegare i sommar. No er haustkatalogen til Globetrotter komen, med mange fine jostedalsbilete. Framsida og side 20 interesserte oss mest.

Lagt inn i Heimeliv, Jostedalen | Legg att eit innspel

Klatrevegg

Då var han oppe på garasjeveggen og i bruk, med god hjelp frå Gofa og onkel Bjørnar. [mygal=2007-07-klatrevegg]

Lagt inn i Heimeliv | Legg att eit innspel

Ny jobb

Som somme har fått med seg, er eg no gledeleg nok tilsett som høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal). Eg har byrja sterkt med å be om permisjon til hausten, dels for å passa Øyvind som … Les meir

Lagt inn i Heimeliv | 5 innspel

No òg i modellbransjen

Bygdelivet byr på så mangt. I går baud det på ein gjeng med hyggjelege reklamefotografar for eit tysk firma som sel friluftsutstyr og -klede. Kajakk-Andy hadde rigga det heile, og dei trong berre eit par små jenter og koppelamma til Harald … Les meir

Lagt inn i Heimeliv | Legg att eit innspel

Sumaren er nok her

[mygal=2007-05-pinse] Trass i kaldtrekken kunne gårdagen (pinsedagen) by på to typiske sumaraktivitetar: Tur på hi sida av elvi frå Heljegardsbrui til Gjerde, og grilling ute.

Lagt inn i Heimeliv | Legg att eit innspel

1. mai i Krundalen

Og som i Nord-Korea er det dei aller yngste som må stå for flaggparaden. Tidleg opp må dei òg.

Lagt inn i Heimeliv | Legg att eit innspel

Morgon i Krundalen

[myflash=2007-04-24_krundalsmorgon] mellom seks og halv sju i dag. Kva skal ein elles ta seg til når ein likevel er oppe med denne karen?

Lagt inn i Heimeliv | 1 innspel

Blix på sundag

Tidlegare i livet høyrde eg eit rykte om at NRK P1 i lange tider har spela Blix» store fedrelandssalme, «Gud signe vårt dyre fedreland», rett før kl 7 som opning på sundagen. Etter at eg fekk ungar, ikkje minst denne karen her (foto … Les meir

Lagt inn i Heimeliv, Språkhistorie | Legg att eit innspel