Myrhyrna 1. januar 2009
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | 8 kommentararSidan eg jamleg får klager på for sjeldne oppdatering og for lange meldingar når dei fyrst kjem, og sidan jostedalsbloggane elles flyt over av urealistisk fine skibilete, kjem her følgjande: To (og berre to) bilete frå nyttårsaftan då to slitne familiefedrar endeleg kom seg til fjells i under middels ver (men fantastisk føre) på den store Flintoe-toppen.
Sol og sommar 2. august 2008
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarLivet har gått sin gang sjølv om bloggen har stått stille ei stund. I dag kom regnet etter tre uhorveleg fine veker, og måndag er ferien slutt. Mange turar og fem stølstrimpostar på ungane så langt, toppa med Hytta på Mannen onsdag.
Handspiki 4. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarFjerde stølstrimposten tok me i går ettermiddag. Framleis mykje snø på Styggevatnet og Handspiki (eller Hanspiki??). Ein gong må me på Diktardagar i Lom, som er neste helg, men i år vart dette det næraste me kom.
Vangsen 20. juli 20. juli 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarJamen vart det ein topptur skisesongen 2006-07 òg, med Bjørnar og Anne Marte.
Skitur – Bjønnstegane 30. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarGlitrande skiføre på laurdag, iallfall opp til fyrste brua som var så langt me kom oss. Når far i huset legg att pulkdraget er det fint at mor hugsar beremeisen. Ho har elles sagt det som treng seiast om siste skituren.
Nigardsgrandane 14. april 18. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | 1 kommentar til noPåskebilete 13. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | comments closeder det høgsesong for no. Sidan rypa gjekk høgt ut på bana imot bloggar som handlar om ski, fjell og turar, får eg ta meg av å leggja ut nokre få av dei 260 påskebileta me sit med.
Geisdalen palmesundagen (mer…)


