Sumaren er nok her 28. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentarTrass i kaldtrekken kunne gårdagen (pinsedagen) by på to typiske sumaraktivitetar: Tur på hi sida av elvi frå Heljegardsbrui til Gjerde, og grilling ute.
Kongeleg målreising 24. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 1 kommentar til no
Denne gongen kan eg presentera eit grenseseprengjande historisk funn. Kong Haakon uttalte ein gong at den norske målreisinga var “berettiget”, at danske embetsmenn sjølv burde ha lært seg norsk og det har svekt nasjonalkjensla at dei ikkje gjorde det. Sitatet er velkjent og mykje brukt i målrørsla. Det stod på trykk i Norsk Barneblad 1933, så det har til no vore ei gjengs oppfatning at Haakon òg uttala dette då. (mer…)
Noregs Mållag 1906-1918 16. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | skriv ein kommentar
Her er litt å bita i for språkhistorienerdar. Frå skipinga i 1906 og fram til 1918 vart årsmeldingar, årsmøterefererat, rekneskap og andre sentrale organisasjonsdokument for Noregs Mållag samla i fire prenta hefte. Dette er dei viktigaste kjeldene til historia til samskipnaden i den viktige oppbyggingsfasen i tiåret etter skipinga.
Dei ligg no pent og pyntelege som pdf-dokument under den nye kategorien kjelder og andre tekstar.
Motkultur-saus om Frp 12. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | 1 kommentar til noI eit større oppslag 11. mai prøvde Klassekampen seg på å sjå Frp-framgangen på Sør- og Vestlandet i samanheng med “motkulturane”. Oppslaget ligg diverre ikkje på nettet. Innlegget nedanfor stod 18. mai.
Til lukke, Bård!! 7. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | 2 kommentarar.. som i dag stupte over målstreken og fekk levert ei av verdas siste hovudoppgåver – dette semesteret er overgangsordninga slutt og alt blir “master”. Kommisjonen kan no gle seg til oppunder 300 strålande sider om ordtradering på Stord.
Endeleg 2. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging, Språkhistorie | 4 kommentararTil glede for vanvittig mange, og etter tallause etterlysingar, har eg no teke til å leggja ut språkhistorieartiklane mine (under “tekstar” i toppmenyen). Mange låg rett nok på dei gamle nettsidene, men no blir dei flytte hit slik at de kan lesa dei ein gong til. Og fylg med – meir er i vente.
1. mai i Krundalen 1. mai 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentar 
Og som i Nord-Korea er det dei aller yngste som må stå for flaggparaden. Tidleg opp må dei òg.


