Brefestival 28. juni 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | skriv ein kommentarSist helg var det Norsk brefestival i Jostedalen. Det var ei langhelg med mykje moro, også for ungane. Laurdag var Kristi med på barneaktivitetane, fyrst klatring i tre og og på sva med superbreførarbarnetantene Marit og Marte, deretter riding med Maria og Reidun (og assistent Jarle) i Raudskarvfjellet turriding. Det gjorde inntrykk å debutera både i klatring med sikring og på hesteryggen! Me gler oss alt til neste år.
Lustramarknad og målpris 9. juni 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Målsak | skriv ein kommentar Og i dag heile familien på ekspedisjon til Lustramarknaden i Gaupne i steikjande sol. No har det vel vore varmt så lenge at det er lov til å klaga? Jentene fekk prøva seg på verdas minste tivoli, og elles surra me rundt i ørska på jakt etter grillmat, is, ballongar og skugge.
Me hadde ingen ambisjonar om å ta bilete, men det hadde heldigvis Torodd Joranger på kommunen. Han fekk såleis teke av det som var hovudærendet med turen: å dela ut Luster mållag sin målpris til Kåre Øvregard. Meir om prisen og vinnar Kåre hjå Luster mållag.
Då me skulle heim, var det store spørsmålet som vanleg korleis ein kunne få to store heliumballongar inn i bilen (neste år blir det tre). Eit stort poff på Hausamoen vart eit effektivt punktum for ekspedisjonen. Der greidde Øyvind å bita hol i øyra på ballongen til storesyster. Giss ein gong om det var populært hjå eigaren.
No òg i modellbransjen 9. juni 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentar Bygdelivet byr på så mangt. I går baud det på ein gjeng med hyggjelege reklamefotografar for eit tysk firma som sel friluftsutstyr og -klede. Kajakk-Andy hadde rigga det heile, og dei trong berre eit par små jenter og koppelamma til Harald H og fekk ein eittåring på kjøpet. Her var det over 20 gradar og solsteik alt då det heile tok til før 9. Det var ei utfordring sidan det var snakk om bilete til katalogen for ein haustkolleksjon med gode og varme klede. Nokre proffe bilete kjem kanskje seinare. Her er det einaste me greidde å ta sjølv i kaoset: Då dei tok foto av den nye (og veldig gode!) beremeisen sin med Øyvind oppi.