Heime åleine 23. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | 2 kommentararTil alle som er urolege for korleis det går no som far passar ungar medan mor er på doktorutdanning i Oslo: ta det heilt med ro – her greier me oss fin-fint.
Takk til Diffen 23. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarNo er det slett ikkje slik at eg unnar Høgre eit godt val, korkje i hovudstaden eller andre stader, og såleis kan ein kanskje fryda seg over at ein 15 år gamal sveitskonto øydelegg valkampen for dei.
Men det var synd at dette skulle gå utover Per Ditlev-Simonsen. For målrørsla har han vore det einaste lyspunktet på høgresida i Oslo-politikken dei siste 10-15 åra. Han sat i styret for Garborg-året 2001 og var gjennom mange år ein av tungvektarane i partiet som tok til motmæle mot framlegg om “valgfritt” sidemål på landsmøta. Me var heller aldri tvil om kvar han stod i ordførartida sjølv om det i realiteten ikkje var han som styrte politikken. Som Bergens Tidende råkande skreiv på leiarplass i november 2003 etter eit av dei tallause nei til sidemål-framlegga frå Oslo Høgre: “Vi forstår ordfører Per Ditlev-Simonsen, som ser beskjemmet bort hver gang dette forslaget fremmes.”
“Flaum” 17. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | skriv ein kommentar
NRK Sogn og Fjordan nøla ikkje med å kalla vatnet i vegen på Alsmo hin dagen for “flaum”. Då kan me jo ta ein kikk på korleis NVE meiner det vil sjå ut i Gaupne om det kjem ein “500-årsflaum” i Jostedøla (1979 var ein “200-årsflaum”).
Mykje fine bilete frå onsdag å sjå, forresten, både frå Frank og Torbjørn.
Jostedal historielag har no ei ny side om “Flaumar”.
Globetrotter 17. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Jostedalen | skriv ein kommentar
Som tidlegare meldt både her og der, stilte Kristi, Tora og Øyvind meir eller mindre velviljuge opp for tysk reklamebransje tidlegare i sommar. No er haustkatalogen til Globetrotter komen, med mange fine jostedalsbilete. Framsida og side 20 interesserte oss mest.
Klimatrøbbel 17. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | skriv ein kommentarKlimaendringane har alt gjeve seg dramatiske utslag på Haugamyrane. Kva blir det neste?
Heimfallera! 12. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarEnoksen såg lenge ut til å vera på sitt verste i heimfallsaka til han brått stod fram med supermanntrøya på fredag. Det er så lenge mellom kvar gong ein får oppleva politiske vedtak med så kraftig historisk sus over seg at det er verdt ei lita bloggfeiring.
Ei sak er eit titals private kraftverk som no vil gå over til staten dei neste 50 åra i staden for at staten, som til no, sel dei attende. Det siste er Fortun-anlegget til Hydro. Det fekk ny konsesjon i statsråd fredag, som siste sak før den provisoriske anordninga der slike konsesjonar vart ulovleg! Den 10. august 2057 går dermed Fortun over til staten. Då blir det dram å få på eldresenteret.
Langt viktigare er det likevel at norske kraftverk no ikkje lenger er kurant handelsvare. Mange internasjonale kraftkonsern har lenge sikla etter kommunalt eigde kraftverk, og politikarar i fattigkomunar har sikla etter pengane. Med andre løysingar i heimfallsaka ville det vorte kjøpefest. Det vart det brått ein slutt på.
Det same gjeld i dag som då konsesjonslovene vart vedtekne 1906-17: politisk styring er mogleg om ein vil, og det finst alternativ til liberaliseringa.
Handspiki 4. august 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentarFjerde stølstrimposten tok me i går ettermiddag. Framleis mykje snø på Styggevatnet og Handspiki (eller Hanspiki??). Ein gong må me på Diktardagar i Lom, som er neste helg, men i år vart dette det næraste me kom.