jump to navigation

Kvinner i lustrapolitikken 20. september 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentar

Sogn Avis (13/9) tek hatten av for Luster for å ha sendt fleire kvinner inn i kommunestyret og jekka gubbeveldet kraftig ned. Ein kan spørja seg om det siste når me no veit kva for ein duo som vert ordførar/varaordførar, men greitt – det er eit stort framsteg at 11 av 29 representantar no vert kvinner. Dei to førre periodane var det fem, og i 1995 vart seks kvinner innvalde. (mer…)

Den fyrste snøen i Krundalen 16. september 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Jostedalen | skriv ein kommentar

Kvart på sju i dag byrja det å snø, og klokka 9 såg det slik ut.

Valmoro i Luster II 12. september 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | 9 kommentarar

I kveld vart det klårt at Torodd Urnes held fram som ordførar med støtte frå Ap og SV-Simonsen.

Kveldens spørsmål vert då: Kor mange av dei 93 som røysta SV i Luster visste at dei dermed røysta på ein Krf-ordførar?

Valmoro i Luster 12. september 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | 1 kommentar til no

Media fekk aldri med seg thrillaren som utspann seg i lustravalet heilt fram til i går ettermiddag. Det førebels resultatet som kom på nettet måndagskvelden var så jamt som det kunne ha blitt. Venstre stod der med sistemandatet, men det var heilt daudt løp med Krf. Eigenleg skulle mandatet dermed stått på Krf fordi dei hadde flest røyster totalt. Men V trong altså berre éi røyst meir. Og til alt overmål var Frp òg berre éi røyst ifrå å ta det.

Då dei var ferdige med å telja i går ettermiddag og dei siste førehandsrøystene var med, var det ikkje like jamt. V fekk sistemandatet, men 4 – fire – røyster meir til Frp hadde vippa mandatet dit. Då hadde dei vore sikra ein plass i formannskapet og kome på vippen. No er Frp garantert å ikkje få ein plass der.

Stoda er no altså følgjande: den noverande konstellasjonen Sp+Krf+V med støtte frå H har fleirtal (15 av 29). Men det har òg Ap+Krf om dei får støtte frå SV sin eine (15). Så om ordføraren i Luster kjem til å heita Torodd Urnes (Krf) eller Ivar Kvalen (Sp) veit ingen. Men alle veit at han ikkje kjem til å heita Anders Bolstad (Ap).

Sjukehusaksjonist med tæl 7. september 2007

Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentar

Eg har lenge tenkt at Bente Øien Hauge burde fått heiderleg omtale her, og etter medieoppslaga siste veka er det på tide å få gjort noko med det. For alle som har sysla med ymse sjukehusaksjonar i Sogn, er det ikkje mindre enn imponerande korleis lærdalsdama held koken. Ho kom med i aksjonane for sjukehuset i Lærdal alt i 2002 eller noko slikt og har sidan drive utrøytteleg på, dei siste åra òg i den landsfemnande aksjonen for lokalsjukehusa. Denne veka lanserte aksjonen si eiga evaluering av sjukehusreforma, og aksjonsgjengen set i aukande grad dagsorden for den helsepolitiske debatten i landet. Så stå på Bente – du skulle sjølvsagt fått langt meir hjelp. Men me les iallfall bloggane:

Kampen for lokalsjukehusa
Forsvar Lærdal sjukehus

Blogroll Link Update