Farvel til Nasjonalt råd 22. desember 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentarSom tidlegare meldt trekte Nasjonalt råd for fødselsomsorga seg tidleg i november. Dette førte til ein del ståk i media der Bente Øien Hauge som vanleg gjorde ein framifrå jobb. Mellom anna skreiv ho om notata som eg og ho laga i fjor vår til eit innlegg som vart sendt til ymse aviser i hennar og mitt namn. Det burde ha kome ut her for ein månad sidan, men kjem no som ei avveksling til jolekortlesinga. Dette stod i noko ulike versjonar i Sogn Avis (kronikk) 10.11., Firda på same tida, Bergens Tidende (kronikk) 14.11. og Klassekampen (innlegg) 22.11.
Hardare master-tider 18. desember 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentar“På Høyden” melder at HF-fakultetet for framtida vil setja krav til doktorgradsstudentane om at dei tok mastergraden på normert tid:
Dekan Akselberg sier til På høyden at dette tiltaket er en følge av det nye gradssystemet, og at man bare må erkjenne at master ikke er det samme som det gamle hovedfaget.
– De dagene er over. I det nye utdanningsregimet er det nok PhD-graden som ligner mest på det tidligere hovedfaget, sier han.
Det er godt å få enno ein grunn til å gle seg over at ein iallfall er komen så langt. Det gjer nok òg dekan Gunnstein som i 1979 leverte hovudoppgåveklassikaren “Noko om stadnamn frå Voss” i to band.