jump to navigation

Blix 24. februar 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | skriv ein kommentar

Elias BlixTakk vera ungane fekk ein klokka 06.58 som vanleg høyra “Gud signe vårt dyre fedreland” på P1 som om det var ein heilt vanleg sundag, men det er det ikkje. I dag er det berre å gratulera Elias Blix med 172-årsdagen og Anders Aschim med biografien! Gjennom snart fem år har Anders hatt blikket festa på denne datoen og delt arbeidet med oss alle på den framifrå Blix-bloggen sin. Nokre gløtt i manuset undervegs har vore nok til å slå fast at dette er ei av årets store bokutgjevingar. Med salmane sine var Blix den som gjorde den viktigaste jobben med å få “kristna” landsmålet. Som kyrkjeminister i Sverdrup-regjeringa var han dessutan ein av dei sentrale bak ‘jamstellingsvedtaket’ i Stortinget mai 1885 som gjorde nynorsk til offisielt språk.

Sluttrapporten til Nasjonalt råd 15. februar 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | skriv ein kommentar

Pål Øian i det avtroppande Nasjonalt råd for fødselsomsorga har i dag fått ein del mediedekning på bakgrunn av den slutt”rapporten” som kom frå rådet for eit par dagar sidan. Rådet har aldri vore spesielt sterk når det gjeld Internett, difor skal dei her – heilt gratis – få litt help.

Last ned sluttrapport frå Nasjonalt råd (doc-format)

Les også kommentaren til Bente Øien Hauge (sterkt tilrådd!)

Ein kommentar i kortversjon er følgjande: Har Øian & Co verkeleg ikkje meir å koma med??

Blogroll Link Update