jump to navigation

På Storen i 1827? 28. mars 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie | 5 kommentarar

I eit brev frå 1906 vert det hevda at Amund Lammers var på Store Skagastølstind i 1827 og såleis slo Slingsby med 49 år. Veit du noko om dette? Sjå meir på nettsida til Jostedal historielag.

Jostedalen på Nasjonalgalleriet 27. mars 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie | skriv ein kommentar

Knut Baade: Nigardsbreen (1846)No i vår heng utstillinga “Oppdagelsen av fjellet” i Nasjonalgalleriet (Oslo). Dei stiller ut 170 kunstverk frå 1820- til 1850-åra – den perioden då norske kunstnarar (og vitskapsfolk) verkeleg oppdaga fjellheimen. Jostedalen vart òg “oppdaga” i desse åra – med “Myrhorn” av Johannes Flintoe som det mest kjende verket. Museet har òg laga ei fiks nettutstilling der eit utval av bileta er med, m.a. “Myrhorn” og “Nigardsbreen” av Flintoe og “Nigardsbreen” av Knut Baade (1846). Luster og Indre Sogn er i det heile svært tungt representert der. Sjå òg melding av utstillinga i Aftenposten. Det store spørsmålet frå ein som ikkje har vore der enno, er om dei òg har stilt ut “Krondal” av Flintoe.

Blogroll Link Update