jump to navigation

Meir om Tshering-aksjonen 30. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | 1 kommentar til no

Toppoppslaget på Vestlandsrevyen fredag var om aksjonen - Tshering og Steinar B intervjua.

Det finst mengder med informasjon på nettet om K2-ulukka, særleg etter at dei overlevande vestlege klatrarane kom heim. Her er eit par med relevans for denne aksjonen:
> Minneord om Jumik Bothe (The Adventurist)
August 2008 K2 climbing accident (engelsk wikipedia)

Oppropet frå Jostedalen breførarlag:

’Høgfjellsføraren Tshering Pande Bhote frå Nepal  – som i fleire sommarsesongar har arbeidd som bre- og fjellførar i Jostedalen Breførarlag – mista svogeren og nevøen sin i den tragiske dødsulukka på K2 no i byrjinga av august. Dei var begge to tilsett i selskapet til Tshering, Himalayan Guides Nepal. Søstera til Tshering sit no att med to små ungar, ho hadde akkurat fått sitt andre barn rett før mannen hennar reiste til K2 og vart drepen i israset på toppen av fjellet. I tillegg til å ha mista mann og far har familien også mista forsørgjaren sin. Nevøen til Tshering etterlet seg og kone og eit lite barn.

(mer…)

Tsherings støttefond 25. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | skriv ein kommentar

Jostedalen breførarlag har teke eit prisverdig intiativ til eit støttefond for ein av sine tilsette, Tshering Pande Bhote. Fjellføraren frå Nepal har no gledd oss med det blide oppsynet sitt gjennom fleire somrar.

Den mykje omtalte K2-ulukka i Pakistan 1. august hadde òg nokre offer som har vore mindre framme i vestlege media. To av dei elleve drepne var svogeren og ein nevø av Tshering. Systera hans hadde fått ein unge rett før ulukka, og Tshering har no dei to enkjene og tre borna å forsørgja.

Kontonummeret til Tsherings støttefond er 3785.12.75704. E-posten frå breførarlaget og litt meir informasjon ligg på nettsida til Randi Skaug, fyrste norske kvinne på Everest (der Tshering har vore fem gonger). Sjå òg eit oppslag i Ringerike Blad og nettsida til føringsfirmaet hans.

Ortopedi 15. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Mobilmelding, Politikk | skriv ein kommentar

Lærdal kl 12.45: Harry Mowatt gjentok på radioen i føremiddag at det er for mykje ortopedi i fylket. Knalltora som datt ned troppi, og ikkje minst sjåføren, er veldig glade for at me ikkje er på veg til Førde for røntgen no.

Bilde041.jpg

Spelegalskap 11. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | 1 kommentar til no

Nettspel har aldri vore mi greie, men denne fall eg for. Tek sjansen på denne reklamen sjølv om kommunen som òg er kjent som Noregs beste kasta ut automatane for eit par år sidan.

Pontoppidan på visitas 8. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | skriv ein kommentar

Endå ein hardtslåande bisp har kome til orde hjå Jostedal historielag. Denne gongen var det ikkje jostedølene allment, men presten Matthias Foss, kona og embetet hans som fekk gjennomgå. Det Pontoppidan skriv om Jostedalen i visitasberetninga frå 1749, har ikkje vore prenta før anna enn eit lite (og mykje sitert) utdrag. Men no kan ein lese heile stykket om Jostedalen, takk vere kyrkjehistorieprofessor Oddvar Johan Jensen som har stilt avskrifta si til rådvelde.

Vrange jostedøler i 1625 5. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 1 kommentar til no

I eit brev frå 1625 gav biskopen kyrkjelyden i Jostedalen inn etter notar for å stelle dårleg med den stakkars soknepresten. Om ikkje jostedølene gav presten det han hadde krav på etter kallsbrevet, “foruden Knur, Vrangvillighed, skalkagtig Underfundighed og Bitterhed,” kunne dei vente seg litt av kvart frå Vår Herre “snarere end mange troer”. Les brevet hjå Jostedal historielag.

Sol og sommar 2. august 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: På tur | skriv ein kommentar

Livet har gått sin gang sjølv om bloggen har stått stille ei stund. I dag kom regnet etter tre uhorveleg fine veker, og måndag er ferien slutt. Mange turar og fem stølstrimpostar på ungane så langt, toppa med Hytta på Mannen onsdag.

Blogroll Link Update