jump to navigation

NM i komma 29. september 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | 16 kommentarar

Oppgåve: finn ein feil. (Om potetdagen: sjå historielaget)

Potet 24. september 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen | skriv ein kommentar

Dei sameinte nasjonane seier at 2008 er det internasjonale potetåret. Sidan Jostedalen er med i SN, vert det stor potedag laurdag 27. september. Her kan ein prøve å slå Marit i Kroken (gløym det!) i kvalifiseringa til NM i poteskrelling på Hamar. I mellomtida kan de ta ein lett potato quiz (for born).

Analog slutt 24. september 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentar

Snart stengjer det analoge bakkenettet, og montøren har no fått ned den gamle gode antenna.

Ferdig snart? 18. september 2008

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | skriv ein kommentar

Somme spør av og til når eg er ferdig med avhandlinga. Til dei har eg lagt ut litt informasjon her. Frå det eg trudde var venlegsinna hald, har eg dessutan motteke denne:

Blogroll Link Update