jump to navigation

Ekspertkommentarar 3. april 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Språkhistorie | skriv ein kommentar

Dei fyrste spede kommentarane til Avhandlinga er alt noterte. I dag var me alle på forseinka 89-årsdag i Luster, 20 meter bak minnesteinen over Henrik Angell (omtala på side 238, 240-241, 245, 252, 261, 272-273, 275, 277, 381-383, 386, 392, 435 og 439-440). Der finn me den høgaste nolevande kompetansen på slit i storfamilien, og verket vart presentert.

Ho: – Oohhfff. Eg vert kvalm når eg tenkje’ på det.

Han: – Har du skrive alt ditta?
- Ja…
- Fy faen! Du får vel meir løn no?

 angellbauta

Blogroll Link Update