Grisgrendtfylke nummer ein 28. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Politikk | 4 kommentararKronikk i Bergens Tidende 28. januar og Nationen 30. januar. Teksten nedanfor er identisk med det som stod i avisene, men det er lagt til referansar.
”Eg har i dag offisielt gravlagt ’motstraumsstrategien’ i Sogn og Fjordane. Den har altfor lenge hemma utvikling og vekst i fylket vårt!” Slik sette ein twitrande Tor Bremer ord på den rådande trenden i Sogn og Fjordane-debatten, nokre dagar før han kom inn på Stortinget. Omgrep som motstraumsfylket, annleisfylket, småskala og distriktspolitikk har dei siste åra vore som skjellsord å rekna når framtida til Sogn og Fjordane skal diskuterast, som i norsk distrikts- og regionaldebatt meir allment. Er det klokt? (mer…)
Fylkesmannsdebatt 26. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Blogging, Politikk | skriv ein kommentarFor den som ikkje heng heilt med i informasjonsstraumen: Rypa har i dag sett i gang ein interessant debatt om og med fylkesmannen (embetet) og utdanningsdirektøren (herself) på og om fylkesmannsbloggen. Sympatisk nok svarar fylkesmannen (himself) både her og der. Kan ikkje nekta for at det er interessant, festleg og nyttig å få greie på kva som vert tenkt på innsida av Statens hus.
27/1: No også på NRK S&Fj
Samlivstips 24. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv | skriv ein kommentar Korleis hadde det gått utan gode råd frå Facebook?
Grisgrendtfylket 18. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Politikk | 5 kommentararDet er på høg tid å bli mindre oppteken av folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. I utviklingsdebattane i fylket er folketal det hardaste argumentet. Nedgangen må snuast, og Sogn og Fjordane må helst veksa like raskt som dei andre vestlandsfylka. Mellom tiltaka er tung satsing på kysten, for der finn ein jo vekstmotorane i dei andre vestlandsfylka, og tung satsing på regionsentra (gjerne byar). Tida er over for grisgrendtsatsing.
For all del: Folketal er viktig. Folketal er kjøtvekt i den nasjonale politikken, og særleg viktig er det å demma opp mot at dei som tek akademisk utdanning flytter frå fylket for godt, i ei tid då større og større delar av ungdomskulla tek utdanning.
Det er likevel eit problem for utviklingsdebatten at ein lukkar augo både for særpreget til Sogn og Fjordane i dag og for dei lange historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Det er meiningslaust å samanlikna seg med dei andre vestlandsfylka. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60 %), sjølvsagt på grunn av olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter SSB sine kriterium. I nord finn me stor-Ålesund på 11-plass på den same ’tettstad’-lista, attåt to andre byar i same fylke. (Wiki | SSB) (mer…)
Kyrkjesoge 18. januar 2010
Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 1 kommentar til noJostedal kyrkje er 350 år i år, og eg har skrive eit par kapittel til jubileumsboka (kjem til sommaren), om prestegarden og økonomien i prestekallet. Her er uhorveleg mykje spanande stoff om tilhøva i bygda, særleg på 1600- og 1700-talet, så eg let eit manusutkast liggja ute nokre veker ifall nokon skulle ha ein kommentar eller to til teksten (vart teke bort 12/2).
Mykje av det sentrale kjeldetilfanget er elles lagt ut på nettstaden til Jostedal historielag.