Til glede for vanvittig mange, og etter tallause etterlysingar, har eg no teke til å leggja ut språkhistorieartiklane mine (under «tekstar» i toppmenyen). Mange låg rett nok på dei gamle nettsidene, men no blir dei flytte hit slik at de kan lesa dei ein gong til. Og fylg med – meir er i vente.
Velkomen!
Det meste av innhaldet på denne nettstaden er artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå underTekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her ligg òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk. Dette var også ein gong ein blogg, men det har dabba av. Siste kommentarar
- Kari Johanna Yttri til Haugaslekt
- Oddmund til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Kåre Olavson Hæreid til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Magne Medhus til Jostedal mållag 100 år (JSA 2006)
- Perder til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Ola Svein Stugu til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Oddmund til Ubåt i Sognefjorden 1972?
Siste frå Jostedal historielag
Siste frå Jostedalsrypa
Emne
Arkiv
-
Siste meldingar
Flott! Dette har vore eit djupt sakn. Eg trur kanskje at du burde gjort artiklane tilgjengeleg for wap også slik at det er lett å få tak i dei når me ikkje sitt framfor skjermen.
Etter aktiviteten på jostedalsbloggane å døma trudde eg ikkje folk var borte frå skjermane sine, men det kan vel henda at nokon av og til må på do. Då kan det vera fint med wap, og difor skulle det no berre vera å knotta inn http://www.krundalen.no/blogg/wp-wap.php på mobilen. Problemet er 1) at ein ikkje kjem inn i meldingane på grunn av ein feil, og 2) at denne greia berre wappar meldingane, ikkje sidene. Til nokon fortel meg korleis dette kan ordnast har eg laga ei naudløysing: ein utskriftsvenleg funksjon der det ikkje går med så mange ark. Då fyller det heller ikkje slik opp i sekken når ein tek med seg lesestoff på Josten på langs.
Du er jammen effektiv. Får håpe at dei som betalar løna di ikkje føl med på Jostedalsbloggane 🙂
Diverre er det ingen som betaler løn til meg for tida. Men eg reknar temmeleg raskt med å kunna leva av å levera språkhistorieartiklar på wap. Frå den mest sentrale målgruppa har det elles kome tilbakemeldingar om at det ikkje er så farleg om ein ikkje får inn meir enn overskriftene på mobilen, så feilen blir neppe retta med det fyrste.