«Med påhalden penn?» Bok om 1814

1814-bok omslagI byrjinga av juni kom boka vår om 1814: Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark – ei samling med 12 artiklar av 12 forfattarar frå og om Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Telemark.

Jens Johan Hyvik, Harald Krøvel og eg byrja så smått planlegginga av prosjektet hausten 2010, inspirert av eit liknande bokprosjekt om 1905 som me hadde vore med på. I mars 2012 fekk prosjektet vårt støtte frå Noregs forskingsråd sitt Grunnlov-program, og dermed var me i gang. Sjå sida om boka for meir informasjon om min artikkel, boka, aktivitetar og fleire peikarar.

Dette innlegget vart lagt inn i Historie. Bokmerk fastlenkja.

2 Responses to «Med påhalden penn?» Bok om 1814

  1. Hei Oddmund.
    Sit i Canada og les, tykje du har ei flott side. Eg undrar meg berre på kvifor du ikkje har nokon omtale om Jens Olavson Hæreid. Eg ser for meg at han var ein målmann som gav ut både gode forteljingar og historiebøker. Han er den som til dags dato har levert flest bøker til den norske skulen. Han kom frå nabo bygda di. Årdal, Hæreid på Årdalstangen.
    Vyrdsamt Kåre

  2. Oddmund seier:

    Hei! Jens Hæreid var ein viktig nynorsk sakprosaforfattar. Eg har drege han fram når eg har undervist i historiedidaktikk på høgskulen. I soga om hendingane i 1814 høyrer han ikkje heime – det gjer han derimot når temaet er korleis 1814 har vorte formidla til norske skuleelevar, men det har eg ikkje skrive om. I det eg har skrive om norsk målreising, har eg ikkje gått noko særleg inn på forfattarane med mindre dei deltok i språkstriden. Så der glimrar ei rekkje framståande nynorskforfattarar med fråværet, inkludert Hæreid, men eg har fått med meg at han var på skipingsmøtet i Norigs Maallag i februar 1906.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *