Påskebilete 13. april 2007
Skrive av Oddmund og lagra i: På tur |
|
er det høgsesong for no. Sidan rypa gjekk høgt ut på bana imot bloggar som handlar om ski, fjell og turar, får eg ta meg av å leggja ut nokre få av dei 260 påskebileta me sit med.
Og i Dølaheimen onsdag synte Rupeungane “Skomakardrengen og prinsesse Mette - ei eventyrframsyning med song og dans”.
Bjønnarennet skjertorsdag gjekk av stabelen med feil innstilling på kameraet.
Den store påskelangturen gjekk til Fåbergstølen
og snømannbygging med Rasmus er moro.
[kjeldereferanse]
Kommentarar
Grattis med blogg! Fine bilete! Kan tilrå å leggja ut bilete på flickr.com, anten du har lyst til å leggja ut dei 250 påskebileta eller ikkje:-) Då er det berre å laga ei lenkje til flickr på bloggen din. Men dette har du kanskje allereie sett. Eg prøver å finna ut om facebook.com er noko for meg – der kan ein òg leggja ut bilete, men alt verkar så mykje meir kronglete. M.a godtek dei ikkje epostadressa mi når eg prøver å registrera meg. Grrr.
Hei Ragnhild!
Takk for tips. Trur no eg har funne ut korleis eg kjem til å gjera det, nemleg med innstikket myGallery i Wordpress og å lasta opp dei aktuelle bileta direkte dit. Då blir det sjåande ut som i meldinga med huskebileta. Nærare teknisk info i Om >> Krundalsbloggen.