Kongeleg målreising

haakon.jpgDenne gongen kan eg presentera eit grenseseprengjande historisk funn. Kong Haakon uttalte ein gong at den norske målreisinga var «berettiget», at danske embetsmenn sjølv burde ha lært seg norsk og det har svekt nasjonalkjensla at dei ikkje gjorde det. Sitatet er velkjent og mykje brukt i målrørsla. Det stod på trykk i Norsk Barneblad 1933, så det har til no vore ei gjengs oppfatning at Haakon òg uttala dette då.

Men då eg i går rulla meg gjennom Sogns Tidende for 1924, kom følgjande til syne den 26. juni (nr. 47):

Er riksmaalet norsk? Eit kongeord
dscf2656.JPGSkal jeg si min mening saa er den norske sprogbevægelse retfærdig. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det blev indført av danske embætsmend. De burde jo ha lært sig norsk, men istedet tog de som kom i berøring med dem til aa knote dansk. De trodde nemlig at det var saa meget finere. Dette har magtstjaalet den norske nasjonalfølelse forferdelig.
Haakon.

Innhaldet er mykje det same, men han klinar til endå litt meir enn i Barnebladet ni år seinare. Her seier han at danske embetsmenn tok til å «knote» dansk og at det har «magtstjålet» den norske nasjonalkjensla «forferdelig». Og han sa det altså ni år før me har trudd, då landsmålet var endå mindre populært i grannelaget til Slottet. Avisa opplyser ikkje kvar dei har sitatet ifrå eller når kongen skulle ha sagt det – han har vel neppe sagt det til redaktør Jens Kvále personleg.

Det velkjende sitatet frå Norsk Barneblad 27.5.1933 lyder slik (her etter Ottar Grepstad, Den store nynorske sitatboka, 1999, s. 161):

Dersom jeg skal si min personlige mening, så er den norske målreising berettiget.

Det sprog vi taler og skriver er jo dansk; det går ikke an å nekte. – Det blev jo innført av danske embedsmenn. Disse herrer burde jo selv ha lært norsk. Men i stedet begynte deres undergivne å tale dansk som de, fordi man trodde dansken var så meget finere enn norsk. Dette gjorde meget til å svekke den norske nasjonalitetsfølelse, og det er så rimelig at den nationale vekkelse vil gjøre ende på den tanke, at dansk er så meget finere enn norsk.

Ikkje rart at den utbreidde republikanismen i norskdomsrørsla i 1905 raskt falma.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

One Response to Kongeleg målreising

  1. Hege L seier:

    Ein retteleg kioskveltar, som min tidlegare redaktør ville ha sagt det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *