Lustramarknad og målpris

dscf3021.JPGOg i dag heile familien på ekspedisjon til Lustramarknaden i Gaupne i steikjande sol. No har det vel vore varmt så lenge at det er lov til å klaga? Jentene fekk prøva seg på verdas minste tivoli, og elles surra me rundt i ørska på jakt etter grillmat, is, ballongar og skugge.

malprisen-07-1.jpgMe hadde ingen ambisjonar om å ta bilete, men det hadde heldigvis Torodd Joranger på kommunen. Han fekk såleis teke av det som var hovudærendet med turen: å dela ut Luster mållag sin målpris til Kåre Øvregard. Meir om prisen og vinnar Kåre hjå Luster mållag.

Då me skulle heim, var det store spørsmålet som vanleg korleis ein kunne få to store heliumballongar inn i bilen (neste år blir det tre). Eit stort poff på Hausamoen vart eit effektivt punktum for ekspedisjonen. Der greidde Øyvind å bita hol i øyra på ballongen til storesyster. Giss ein gong om det var populært hjå eigaren.

Dette innlegget vart lagt inn i Målsak. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *