Som somme har fått med seg, er eg no gledeleg nok tilsett som høgskulelektor i historie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal). Eg har byrja sterkt med å be om permisjon til hausten, dels for å passa Øyvind som ikkje skal gå fullt i barnehagen, og dels for å skriva ferdig avhandlinga. Øyvind har alt god øving i å halda orden på permane og finna fram dei artiklane eg treng, så dette blir fine greier.
Velkomen!
Det meste av innhaldet på denne nettstaden er artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå underTekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her ligg òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk. Dette var også ein gong ein blogg, men det har dabba av. Siste kommentarar
- Kari Johanna Yttri til Haugaslekt
- Oddmund til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Kåre Olavson Hæreid til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Magne Medhus til Jostedal mållag 100 år (JSA 2006)
- Perder til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Ola Svein Stugu til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Oddmund til Ubåt i Sognefjorden 1972?
Siste frå Jostedal historielag
Siste frå Jostedalsrypa
Emne
Arkiv
-
Siste meldingar
Hei, til lukke med ny jobb! Det visste eg ikkje. Så flott alt ordnar seg oppe i dalen!
fast jobb før du er 40? tapar.
gratulere.
Eg har lenge planlagt å ta det deltidsstudie i lokalhistorie ein gong eg får tid. Er det du som skal undervise det framover?
Gratulerer med jobb:D
gratulerer. ein ny nynorsk intelligentsiagenerasjon byrjar no å få posisjonar ved høgskular og universitet. får vone det fører til noko bra. du har elles heilt rett i at det er sterkt å byrje med å søkje permisjon. får håpe sjefen ved høgskulen er svak og seier ja.