Haugaslekt

Harald H var innom for ei tid sidan for å få ordna med eit eit flott bilete frå kring 1912 som skulle sendast til slekt i Amerika. Det er eit greitt påskot for å få gjort greie for slektskap og samband både over Krundalsvegen og Atlanteren.

Huslyden på Haugen ca. 1912

Biletet i stort format

Biletet er teke framfor gamlestova på Haugen, som dei siste 40 åra har vore ei av perlene på Sogn folkemuseum. Slik kan det gå.

Dei eldste på biletet er kårfolka Sjur og Kari (nr. 9 og 7) som nokre år før hadde overlate garden til eldstesonen Halvor og kona Anna (nr. 2 og 6). Halvor og Anna fekk ti born, som alle voks opp, og seks av dei er med på biletet.

Den nest eldste sonen til Sjur og Kari og altså bror til Halvor, var Ola (1869-1957, ikkje på biletet), som vart gardbrukar på Skjeret (Myklemyr) og er far til Elsa. Sjur og Kari er med andre ord tippoldeforeldra til Eli. Der er altså haugalinken vår.

Ola (nr. 5) vart gardbrukar på Bøen (Krekane) og er far til Harald og dermed bestefar til Else Marie, som i dag bur på det opphavlege bruket på Haugen. Aina, Sølvi og Stig er såleis femmenningar med Kristi, Tora og Øyvind. Med andre ord ikkje tjukkaste slekta, men likevel… 

På biletet ser me:
1. Melchior (f. 1901, til Amerika 1926)
2. Halvor (1866-1958, gift med Anna)
3. Anders (1903-1979, til Amerika 1927)
4. Hallvard (1909-1970)
5. Ola (1896-1963)
6. Anna (f. Yttri, 1862-1953, gift med Halvor)
7. Kari (f. Nyørk, 1847-1935, kårkone, gift med Sjur)
8. Dorta (f. 1898, drog til Amerika 1929)
9. Sjur (1828-1924, kårmann, gift med Kari)
10. Søvrina (f. 1905)

Syskenflokken har ein solid aksje i norsk utvandringshistorie. Heile sju av dei ti drog til Amerika mellom 1907 og 1929, men fire kom att og busette seg i tur og orden på Haugen. Nils var den fyrste som kom att og overtok etter foreldra (Halvor og Anna) i 1938, men drog på nytt til Amerika i 1948. Då overtok Hallvard (nr. 4), og i 1953 fekk han selskap av broren Anders som då kom heim. Han overtok bruket etter at Hallvard døydde i 1970. Då var Dorta alt komen heim (1968) og hadde slege seg ned på Haugen, og i 1974 kom Melchior heim. Søvrina budde heime på Haugen til ho 88 år gamal flytte til omsorgssenteret i Gaupne 1993. Harald overtok hovudbruket etter onklane og tantene sine i 1979.

Dette innlegget vart lagt inn i Historie, Jostedalen. Bokmerk fastlenkja.

2 Responses to Haugaslekt

  1. else marie seier:

    Staseleg bilete! Orginalen heng over kjøkenbordet hos meg.
    Biletet er teke då Anna Dorthea reiste til Kristiania på teneste. Ho budde i Griffenfeltsgate og tjente til amerikabilett. Dei fire eldste syskjena var allereie utvandra då bilete vart teke. Anna, Kari, Sjur og Nils. Dei budde i amerika levetida ut. medan dei tre andre (Anna Dorthea, Anders og Melkchior) som og vandra ut kom heim att på sine gamle dagar og levde ilag her på Haugen.

  2. Kari Johanna Yttri seier:

    Eg trur at biletet er teke anten 1915 eller 1916 av Samson Brathole. Dette kan eg ikkje vera stø på. Det vart teke ein del bilete då og ut i frå at nokon på bileti ser heilt vaksne ut og er fødde i 1902 så tolkar eg det slik. Eg ser og at Kari emigrerte til U.S.A. i 1915. Ho er ikkje med på biletet, men likevel kan det vera teke i 1915.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *