Valmoro i Luster

Media fekk aldri med seg thrillaren som utspann seg i lustravalet heilt fram til i går ettermiddag. Det førebels resultatet som kom på nettet måndagskvelden var så jamt som det kunne ha blitt. Venstre stod der med sistemandatet, men det var heilt daudt løp med Krf. Eigenleg skulle mandatet dermed stått på Krf fordi dei hadde flest røyster totalt. Men V trong altså berre éi røyst meir. Og til alt overmål var Frp òg berre éi røyst ifrå å ta det.

Då dei var ferdige med å telja i går ettermiddag og dei siste førehandsrøystene var med, var det ikkje like jamt. V fekk sistemandatet, men 4 – fire – røyster meir til Frp hadde vippa mandatet dit. Då hadde dei vore sikra ein plass i formannskapet og kome på vippen. No er Frp garantert å ikkje få ein plass der.

Stoda er no altså følgjande: den noverande konstellasjonen Sp+Krf+V med støtte frå H har fleirtal (15 av 29). Men det har òg Ap+Krf om dei får støtte frå SV sin eine (15). Så om ordføraren i Luster kjem til å heita Torodd Urnes (Krf) eller Ivar Kvalen (Sp) veit ingen. Men alle veit at han ikkje kjem til å heita Anders Bolstad (Ap).

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

One Response to Valmoro i Luster

  1. rypa seier:

    Eg trur opp til fleire av SV sine veljarar vert særs vonbrotne om Simonsen stør kontantstøtte-kristen-urnes.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *