Valmoro i Luster II

I kveld vart det klårt at Torodd Urnes held fram som ordførar med støtte frå Ap og SV-Simonsen.

Kveldens spørsmål vert då: Kor mange av dei 93 som røysta SV i Luster visste at dei dermed røysta på ein Krf-ordførar?

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

9 Responses to Valmoro i Luster II

  1. Ingar N. seier:

    At SV veljarar kan vere overraska er ei sak, men eg trur det er mange som er skuffa over at KRF no let omsynet til eiga makt gå framom truskap og samhald. Dette var litt av eit «takk for støtta gjennom 4 år» til SP og dei andre på sentrum/høgre sida.

  2. Oddmund seier:

    Ja, som medlem i Sp-gruppa har eg sjølv strekt meg til det ytste mange gonger dei siste fire åra (i røystingar og på talarstolen) for å støtta ordføraren imot Ap-/Frp-gribbane. I fleire tilfelle har Sp jamvel vore meir lojale enn hans eiga Krf-gruppe. Men dette er vel Krf-måten å gjera det på. Me hugsar alle Kjell Magne «i vil vere statsminister» Bondevik i 2001. No har Luster fått tilbake Ap-styret. Teoretisk kan Urnes framleis gå til Sp+V+H og vera sikra fleirtal i saker der det er usemje mellom Ap og Krf. Men det trur eg ikkje før eg ser det. Lyspunktet er at me er sikra ein frisk og festleg valkamp i 2011 når Ap skal rista av seg Urnes for å få ordføraren sjølv.

  3. SB seier:

    Det var eit ufint Krf-maktspel som føregjekk på møtet i går kveld. Elles bør det ikkje overraske nokon at SV(Simonsen) er eit haleheng til AP i Luster. Det har han alltid vore og det kjem SV til å bli også i dei neste 4 åra. Dei som innbillar seg noko anna har anten ikkje følgt med i lokalpolitikken og/eller har fortrengt dei politiske realitetane. Men SV-veljarane er som alle veit idealistiske og naive.
    No kan SP angre på at dei gjekk mot direkte ordførarval då saka var oppe i kommunestyret. Og me alle må slite med Urnesen som ordførar i 4 år til. Kva gale har lustringane gjort som skal straffast så hardt av Vårherre?

  4. Oddmund seier:

    Direkte ordførarval er det god tid til å diskutera.
    Om Ap kan det iallfall slåast fast at dei aldri var interesserte i samarbeid med Sp sjølv om Anders Bolstad i SA sitt oppslag frå valvaka i Luster hevda at Ap ville, men ikkje Sp. Då Ap etter valet skjøna at dei ikkje ville få ordføraren, var det Krf og ikkje Sp dei vende seg til. Skulle Ap fyrst støtta ein annan ordførar, kunne dei likegodt støtta Sp, særleg om det var reell interesse for noko raud-grønt. Internt i Ap vart det hevda under forhandlingane at dei ikkje ville ta kontakt med Sp, for då var dei redde for at Sp brukte det som pressmiddel for å få Krf til å støtta Sp-ordførar i eit sentrum-høgre-samarbeid. Men det er sjølvsagt heller ikkje reelt. Skjedde det, kunne Ap framleis delt ut ordførarkjedet til Krf. Når Ap fyrst var viljug til å støtta ein annan ordførar, sat dei med bukta og båe endane, særleg når dei straks fekk blankofullmakt frå SV.
    Kvifor ville Ap heller ha Urnes/Krf som ordførar enn Kvalen/Sp? Eg berre spør.

  5. SB seier:

    Eit raud-grønt samarbeid i Luster var eit av fleire aktuelle alternativ før Krf hoppa til køys med Ap. Kan grunnen vere at Ap ser på Krf-Urnes som ein «nyttig idiot» som dei kan styre som dei lystar? Noverande ordførar har ikkje akkurat utmerka seg som nokon politikar med sjølvstendige politiske initiativ. Det er sannsynleg ein slik «administrativ rolle» Ap har tiltenkt ordføraren også i neste valperiode.
    Og med den Krf- gruppa som og er valt inn så er vel «ja og amen» det beste dei kan bidra med i den politiske debatten dei neste 4 åra.
    Konklusjon: Ap – den store taparen ved årets val – har nok sikra seg den reelle politiske makta i Luster. Og kven veit, kanskje SV-Simonsen vil framstå som ein «glad-kristen» i det nye kommunestyret?

  6. Morten Simonsen seier:

    Kor mange av dei 93 som stemte på SV hadde venta å få ein Sp-ordførar? Med Urnes får SV fyrste varamann til formannskapet. Kva hadde vi fått med Sp og Kvalen? Tusen takk?

  7. Oddmund seier:

    Dersom SV-veljarane var like lite reelt interesserte i eit raud-grønt samarbeid som Ap viste seg å vera, er dei sikkert like nøgde med Urnes som Kvalen, men eg trur betre om SV-veljarane enn det.
    Det kom aldri til reelle forhandlingar, så ingen veit kva SV ville fått. Men om me tenkjer oss at SV hadde kravd 1. vara til formannskapet på ei fellesliste Sp+SV, ville eg tippa at kravet stod svært sterkt.
    Men dette blir reint hypotetisk, for då Ap hadde bestemt seg for at dei heller ville ha Urnes enn Kvalen og Krf hadde bestemt seg for at ordførarvervet var viktigare enn å halda på sentrum-høgre-samarbeidet, kunne berre ei samling av alle andre parti sikra Sp-ordførar. Ei forpliktande avtale med Frp var aldri aktuelt, og sjansen for at dei hadde støtta Kvalen framfor Urnes utan avtale med nokon av partane var vel nær null.

  8. Veljar seier:

    Kan nokon seie kven som til slutt kom i formannskapet?

  9. oddmund seier:

    Det vert ikkje valt før uti oktober når det nye kommunestyret konstituerer seg, men me kan gissa:
    Ap+SV: A. Bolstad, B. Buskaker, S.O. Njøs (1. vara: M. Simonsen, SV)
    Krf: T. Urnes
    Sp: I. Kvalen, S.F. Steig
    H+V: ?? (S. Halveg, T.B. Nævdal, J.O. Lomheim eller E. Borch Veum)
    Frp: ingen om H+V går saman om å ta ein plass, så det får me vona

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *