Kvinner i lustrapolitikken

Sogn Avis (13/9) tek hatten av for Luster for å ha sendt fleire kvinner inn i kommunestyret og jekka gubbeveldet kraftig ned. Ein kan spørja seg om det siste når me no veit kva for ein duo som vert ordførar/varaordførar, men greitt – det er eit stort framsteg at 11 av 29 representantar no vert kvinner. Dei to førre periodane var det fem, og i 1995 vart seks kvinner innvalde.Dette er det veljarane og ikkje partia som skal ha æra for. Hadde listeframlegga til partia gått gjennom uendra, ville det kome inn 10 kvinner, og tilleggsrøystene gjorde altså at det kom inn ei meir. I 2003 hadde faktisk ni kvinner kome inn om partia hadde fått viljen sin. Lyspunktet er altså ikkje større enn at veljarane endeleg har slutta å kvotera inn karane.

Partia har derimot ikkje kome seg mykje, trass i at kommunen har fått så hatten passar for den pinlege kvinnerepresentasjonen dei siste fire åra. Alle parti til saman nominerte altså berre 1 – éi – kvinne meir i år enn i 2003 på dei plassane som ville gjeve plass i kommunestyret om listene hadde passert valdagen uendra. I år som i 2003 var dessutan berre ei av listetoppane kvinne, og i motsetnad til i 2003 var ingen av dei reelle ordførarkandidatane i år kvinner.

Formannskapsvala er heller ikkje mykje å ta hatten av for. Frå 1995 til 2003 var det faktisk tre kvinner i formannskapet – siste perioden har det berre vore to. Og fleire ser det ikkje ut til å bli denne gongen heller. Det politiske miljøet i Luster må altså ta seg sjølv endå kraftigare i nakken, og fyrste sjanse er når det nye kommunestyret konstituerer seg.

Fire år i kommunestyret har gjort meg møkka lei av at mann etter mann tek ordet i sak etter sak. Det er difor særs gledeleg at Luster er kome med på Åslaug Haga sitt prosjekt for å få fram fleire kvinner i politikken. Her får alle dei flinke damene i kommunestyret i Luster hive seg på, så får gubbeveldet banesåret om fire år.

Oddmund L. Hoel

Avtroppande kommunestyrerepresentant, Luster (Sp)

(Innlegg i Sogn Avis, 18.9.2007)

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *