Nyttårshopprenn

Som i fjor var det ymse vinteraktivitetar på Haugamyrane nyttårsdagen. I sistehoppet slo Kristi til med eit friskt svev.

Kristi hoppar

Dette innlegget vart lagt inn i Heimeliv. Bokmerk fastlenkja.

4 Responses to Nyttårshopprenn

  1. my seier:

    Wow! Spørst om ikkje ho Kristi har gått forbi ho Mina i skikunster i året som gjekk! Her er det sparsamt med snø, og skiturane føregår for det aller meste i påskeferien. Så kanskje Kristi kan gle seg til å peisa av garde medan Mina står att i føyka i år?

    Me håpar i alle fall å få lagt turen om Jostedalen i år òg – det hadde no vore kjekt!

  2. Ragnhild seier:

    Er det så mykje snø der heile vinteren gjennom? Dvs er det stabilt? I Oslo snør det i to dagar, så regnar snøen vekk, og så kjem det snø igjen … og slik går no vinteren.

  3. Oddmund seier:

    Meir stabile skitilhøve skal ein leita lenge etter. Ein normalvinter er det vel skiføre frå tidleg i november til seint i april, pluss gode tilhøve for toppturar til uti juni. Så det finst særs gode alternativ til å bu i slapsen.

    Ser fram til å sjå dykk i påska, Hege. Og kanskje me ser dykk her òg ved eit høve, Ragnhild?

  4. Ragnhild seier:

    Det var da innmari til lang vinter! Men bra snøen ligg, når han først er komen.

    Jepp, vi kjem nok til Sogn og Jostedalen ein gong i vår! Med eller utan ski:-)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *