Blix

Elias BlixTakk vera ungane fekk ein klokka 06.58 som vanleg høyra «Gud signe vårt dyre fedreland» på P1 som om det var ein heilt vanleg sundag, men det er det ikkje. I dag er det berre å gratulera Elias Blix med 172-årsdagen og Anders Aschim med biografien! Gjennom snart fem år har Anders hatt blikket festa på denne datoen og delt arbeidet med oss alle på den framifrå Blix-bloggen sin. Nokre gløtt i manuset undervegs har vore nok til å slå fast at dette er ei av årets store bokutgjevingar. Med salmane sine var Blix den som gjorde den viktigaste jobben med å få «kristna» landsmålet. Som kyrkjeminister i Sverdrup-regjeringa var han dessutan ein av dei sentrale bak «jamstellingsvedtaket» i Stortinget mai 1885 som gjorde nynorsk til offisielt språk.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *