Jostedalen på Nasjonalgalleriet

Knut Baade: Nigardsbreen (1846)No i vår heng utstillinga «Oppdagelsen av fjellet» i Nasjonalgalleriet (Oslo). Dei stiller ut 170 kunstverk frå 1820- til 1850-åra – den perioden då norske kunstnarar (og vitskapsfolk) verkeleg oppdaga fjellheimen. Jostedalen vart òg «oppdaga» i desse åra – med «Myrhorn» av Johannes Flintoe som det mest kjende verket. Museet har òg laga ei fiks nettutstilling der eit utval av bileta er med, m.a. «Myrhorn» og «Nigardsbreen» av Flintoe og «Nigardsbreen» av Knut Baade (1846). Luster og Indre Sogn er i det heile svært tungt representert der. Sjå òg melding av utstillinga i Aftenposten. Det store spørsmålet frå ein som ikkje har vore der enno, er om dei òg har stilt ut «Krondal» av Flintoe.

Dette innlegget vart lagt inn i Historie. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *