Meir om Tshering-aksjonen

Toppoppslaget på Vestlandsrevyen fredag var om aksjonen – Tshering og Steinar B intervjua.

Det finst mengder med informasjon på nettet om K2-ulukka, særleg etter at dei overlevande vestlege klatrarane kom heim. Her er eit par med relevans for denne aksjonen:
> Minneord om Jumik Bothe (The Adventurist)
August 2008 K2 climbing accident (engelsk wikipedia)

Oppropet frå Jostedalen breførarlag:

’Høgfjellsføraren Tshering Pande Bhote frå Nepal  – som i fleire sommarsesongar har arbeidd som bre- og fjellførar i Jostedalen Breførarlag – mista svogeren og nevøen sin i den tragiske dødsulukka på K2 no i byrjinga av august. Dei var begge to tilsett i selskapet til Tshering, Himalayan Guides Nepal. Søstera til Tshering sit no att med to små ungar, ho hadde akkurat fått sitt andre barn rett før mannen hennar reiste til K2 og vart drepen i israset på toppen av fjellet. I tillegg til å ha mista mann og far har familien også mista forsørgjaren sin. Nevøen til Tshering etterlet seg og kone og eit lite barn.

Tshering får no det økonomiske ansvaret også for familiane til dei to som omkom på fjellet K2.  I Nepal eksisterer ikkje noko velferdsamfunn med enkepensjon og økonomisk stønad til etterlatne slik me kjenner det frå Noreg. Dei omkomne familiemedlemane til Tshering har heller ingen forsikringar som kjem familiane til gode i tilfelle ulukke og død.

Pengane som kjem inn på kontoen til Tsherings støttefond vil bli brukt til m.a. utdanning og skulegong  for borna som no har mista forsørgjaren sin.

På denne bakgrunnen gjev Jostedalen Breførarlag kr. 10 000.- som ei økonomisk starthjelp i ei vanskeleg tid for Tshering og familien hans.

Me har oppretta ein eigen konto i Luster Sparebank, kto.nr. 3785 12 75704, kalla ’Tsherings støttefond’  og som Jostedalen Breførarlag  mellombels disponerer (krav ved oppretting av konto).

For pengeoverføringar frå utlandet er IBAN: NO93 37851275704 og SWIFT: DNBA NOKK XXX.

Me vil oppfordre alle som har høve til det å yte sin skjerv til Tsherings støttefond. Stort eller lite er like velkome og verdsett!

På førehand: Tusen takk!

Send gjerne denne e-posten til aktuelle bidragsytarar som ikkje er på denne adressatlista’.

Mvh,

Heidi, Arve, Thore, Steinar

Jostedalen Breførarlag AS

Tlf: (+47) 576 83 111

www.bfl.no

Skype: Josbre1

Dette innlegget vart lagt inn i Jostedalen. Bokmerk fastlenkja.

One Response to Meir om Tshering-aksjonen

  1. Ragnhild seier:

    Uff, så trist. Dette skal eg støtta. (Eg tok forresten bussen frå Oslo til Årdal ein gong saman med ein som liknar veldig på han der Tshering. Det stod Jostedal Breførarlag på jakkeryggen hans).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *