Oppgåve: finn ein feil. (Om potetdagen: sjå historielaget)
Velkomen!
Det meste av innhaldet på denne nettstaden er artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå underTekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her ligg òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk. Dette var også ein gong ein blogg, men det har dabba av. Siste kommentarar
- Kari Johanna Yttri til Haugaslekt
- Oddmund til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Kåre Olavson Hæreid til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Magne Medhus til Jostedal mållag 100 år (JSA 2006)
- Perder til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Ola Svein Stugu til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Oddmund til Ubåt i Sognefjorden 1972?
Siste frå Jostedal historielag
Siste frå Jostedalsrypa
Emne
Arkiv
-
Siste meldingar
At du er plassert i puppehjørnet på framsida av Sogn Avis men ikkje er avkledd? Fin t-skjorte, forresten. Kjøpt henne sjølv?
Det lyt vel vere feil at Oddmund ikkje klarte å kvalifisere seg? Eg rekna han som ein av favorittane.
Prøver meg med det eg aldri heilt forstår: Jostedal er der han Peder bur + nærmaste naboar. Elles bur både han Peder og Oddmund og eg i Jostedalen ( – med -en til slutt) … ?
Pateåret no òg som sognavis-biletserie:
http://www.sognavis.no/bildeseriar/kultur/article3816644.ece?token=&start=0&serie=0
Gode forsøk frå alle, men ingen kvalifiserte seg til NM i kommasetjing på Hamar sjølv om JAa var svært nær og får ei halvskrelt pote i trøystepremie. Fin t-skjorte, ja – fekk ho av ei rype som hadde vore ute i den store verda. Og Jostedal, Jostedalen eller Jostedal1? Kven veit.
Hmm. Dette var vanskeleg. Eg reknar med at du meinar det burde vore eit utropsteikn med i ei slik sensasjonsnyhende?
Er potetnytt Jostedalsvarianten av agurknytt?
Eg trur det skal vere:
Oddmund, Hoel klarte ikkje å kvalifisere seg til N,M på Hamar.
Dit reiser to damer, frå Jostedal.
Er dette, rett?
Kanskje det er eit lurespørsmål? sjå overskrifta til Oddmund: «NM i komma». Sjølvsagt det er ikkje nm i komma det er mm. Dette er i mitt beste og siste forslag.
Ja, det stemmer, det er ikkje ein M i komma, det er to M.
Det neste(og evt. beste og siste) vert vel at Sogn Avis arrangerar eit OL i kolon, som det jo vitterleg er(men ikkje har vore). Evt. eit UngdomsMesterskap i punktum for å setje eit *kremt*, ja, ein sluttstrek for teiknforvirringa. Eit perfekt punktum hadde ikkje vore å forakte for ein gongs skuld.
http://www.um2008.no
Eg trur kanskje at Marit i Kroken meiner at det Oddmund m fl dreiv med var NM i koma.
slik er kjendispressa. dei har dei beste fotografane og snushanejournalistane. desse bryr seg ikkje om teiknsetjing.
Synd du ikkje kom med. men eg et potene med skal
gåte frå norsk barneblad-arkivet til far min:
kva for ein song opnar med komma?
kom maj, du skjønne milde.
Vent, ikkje send dei til NM på Hamar!
Vent ikkje, send dei til NM på Hamar!
(fritt etter ei lærebok i norsk)
Gratulere med ein sterk prestasjon!
I NM på Hamar vart vart Marit i Kroken nr. 7 av 50 startande.
Me fremst i Krundalen er storleg imponerte og bøyger oss djupt i potetfårene.
Forresten, er det mykje dopbruk i potetskrellarmiljøet her i landet?
Potetplanta inneheld alkaloid » – benyttet i legevitenskapen som smertelindrende eller smertestillende midler, i særdeleshet morfin og kodein.»