Sidan eg jamleg får klager på for sjeldne oppdatering og for lange meldingar når dei fyrst kjem, og sidan jostedalsbloggane elles flyt over av urealistisk fine skibilete, kjem her følgjande: To (og berre to) bilete frå nyttårsaftan då to slitne familiefedrar endeleg kom seg til fjells i under middels ver (men fantastisk føre) på den store Flintoe-toppen.
Velkomen!
Det meste av innhaldet på denne nettstaden er artiklar og anna eg har skrive opp gjennom åra, sjå underTekstar. Mykje ligg ute i fulltekst. Det meste er fagtekstar, men her ligg òg nokre politiske tekstar, særleg om målpolitikk. Dette var også ein gong ein blogg, men det har dabba av. Siste kommentarar
- Kari Johanna Yttri til Haugaslekt
- Oddmund til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Kåre Olavson Hæreid til «Med påhalden penn?» Bok om 1814
- Magne Medhus til Jostedal mållag 100 år (JSA 2006)
- Perder til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Ola Svein Stugu til Ubåt i Sognefjorden 1972?
- Oddmund til Ubåt i Sognefjorden 1972?
Siste frå Jostedal historielag
Siste frå Jostedalsrypa
Emne
Arkiv
-
Siste meldingar
Var på Spørteggbu 28. desember – for 244. gong sidan 1985.
Når eg no ser desse svært realistiske og fine bileta frå Myrhønna, er det nesten som eg angrar på at eg ikkje tok til venstre på Mannen, i staden for til høgre. Men neste gong skal ikkje gamal vane vere verken vond eller vanskeleg å vende – då blir det Myrhønna på meg òg – trur eg.
Myrhyrna, Myrhønna, Myrhøna, Myrhorn… ?
No høyrer eg litt dårlegare, men seier ikkje dei fleste at dei skal på «Mann» og ikkje på «Mannen» …
Hørselen til «Bukken i båten» kan ikkje vere heilt god nei. Har aldri høyrt nokon seie at dei skal på «Mann» når dei skal på Mannen.
Nei høyrselen er ikkje som før, men det har han vel aldri vore heller.
Tykkjer ikkje dei seier Gaupne eller Gåpn heller, eg, men Gåpm. Så tykkjer eg dei seier Sandaugedalen og ikkje Sandhaugedalen. Og på kartet står det jammen Mørkrisdalen, utan d.
Sannaugedalen er det vel me seier. Og ved Bjønnstegane ligg Adrebottgjeli, medan lokale folk seier Aldergåttgjeli… Kvifor heiter ein dal Vassdalen og ein annan Vanndalen?
Bukken i Båten har høyrt rett. Eg har og høyrt fleire sei «Mann». Seier det vel delvis sjølv og.
Sei meg, var det Mannen og grisen som var på tur – i lag med juletreet og julestjerna, på Myrhønna? Og kven sin gris var det?
Og ja, sidan dette var siste post så går det ei stund mellom innlegga. Men billeta var no fine.
Ja, eg har vore på vitjing att. Flintoe-billetet er og fint. Eg såg det ikkje førre gongen.