Avhandlinga godkjend

Eller som det meir presist og formelt heiter i e-posten frå NTNU i dag tidleg: «Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD.» Disputasen vert 20. november i Trondheim.

Oppdatering 24/9:

Prøveførelesing kl 10.15, disputas kl 12.30. Stad: Auditorium D3 på Dragvol. Fyrsteopponent vert docent dr. Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola), andreopponent professor May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder). Den tredje komitemedlemen er professor Ingar Kaldal, NTNU.

Dette innlegget vart lagt inn i Språkhistorie. Bokmerk fastlenkja.

9 Responses to Avhandlinga godkjend

  1. Per Halse seier:

    Hjarteleg til lukke! Sjølv skal eg i elden i hovudstaden 20.-21. oktober.

  2. guffen seier:

    typisk at slikt kjem fram rett etter valet.

  3. Hege seier:

    Til lukke! Ikkje at eg nokon gong var i tvil, altså.

  4. rypa seier:

    Typisk at slikt i det heile kjem fram.

  5. Ragnhild seier:

    Til lukke! Men stod det verkeleg «fotener»?

  6. oddmund seier:

    Det stod «fortener» i innstillinga, ja – det gjorde nok det.

  7. tante kaaji seier:

    Gratulerer, bror! Eg bestilte faktisk flybillett før eg visste om godkjenninga. Botnlaus tillit til dr. in spe 🙂

  8. Anders seier:

    Til lukke! Dette skal eg sanneleg prøve å få med meg.

  9. Kirsti Langstøyl seier:

    Lukke til med disputasen! Eitt eks er tinga til biblioteket i tunet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *