7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne?

Rådmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 på torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det hårreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, så her kjem dei. Kort oppsummert:

  • Frå skuleåret 2010/11 skal 7. klassingane ved Jostedal skule og Indre Hafslo skule flyttast til Gaupne skule, og elevane ved Skjolden skule flyttast til Dale skule. Dette gjeld 3-4 elevar ved kvar skule.
  • Det vert grunngjeve med at elevane får «meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap». Forsøk på argumentasjon ut over denne generelle påstanden er det ikkje spor etter i budsjettframlegget.
  • Det vert òg argumentert økonomisk: Tiltaket vil gje ei (netto) innsparing for kommunen for 0,81 mill på 2010-budsjettet og 1,95 mil kr i 2011. Grunnlaget for desse tala er mildt sagt diffust.
  • Verknadene av badevedtaket kom raskare enn nokon hadde trudd: «Tiltaket kan sjåast på som ei framskunding av innsparingstiltaket i høve Luster bad.»
  • På sikt (2-5 år?) «bør ein og vurdere» om også 5. og 6. klassane ved dei tre skulane skal sentraliserast, altså at dei fleste jostedalselevane får tre kvarter med skulebuss kvar veg frå dei er 10-11 år.

Formannskapet har sendt busjettet på høyring med frist 13/11. Formannskapet har møte 18/11, 2/12 og 9/12, og kommunestyret 12/11, 26/11 og 17/12, normalt med budsjettvedtak på siste møte.

Heile budsjettetframlegget finn du her.

Og her er dei aktuelle avsnitta:

Side 6 (Samandrag):
Budsjettet legg opp til at grunnskuleelevar som no går i 6.klasse på Indre Hafslo, i Jostedal og på Skjolden vil få sitt 7.klassetilbod ved Gaupne, respektive Dale, skule. Dette gjev ei god løysing – økonomisk, læringsmessig og sosialt. Endeleg vedtak krev at kommunestyret endrar lokal forskrift. I forkant vil det bli gjennomført ei høyring. Tiltaket kan sjåast på som ei framskunding av innsparingstiltaket i høve Luster bad.
Det vil på 2-5-års sikt bli etablert lokale oppvekstsenter i bygdelaga/skulekrinsane Skolden, Dale/Luster, Jostedal, Indre Hafslo og Solvorn. På kort sikt vil det bli initiert prosessar som kan utvide samarbeidet mellom dei aktuelle barnehagane og skulane. På sikt bør ein og vurdere om tilpassingar som skissert for 7.klassingane over kan avløysast av ei kopling av barnehage og småskule (1.-4. klasse) til lokale oppvekstsenter.
 
Side 31 (Grunnskule):
Skuletilpassingar frå 1.08.10
Dei fleste av skulane er små og mange ligg nær ei grense for deling frå fire- til tredelt eller frå tre- til todelt. Trinna med små elevgrupper får gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap. Vedtak i k-sak 27/09 viser at kommunen bør opne for slike tilpassingar. Frå 2010 vert 7. klasse på tre og fire elevar ved skulane i Jostedal, på Indre Hafslo og i Skjolden. Ved å overføra desse frå Indre Hafslo og Jostedal til Gaupne og frå Skjolden til Dale, får vi ei innsparing på 0,81 mill kr (hausthalvåret), tilsvarande 1,95 mill kr for 2011 (kr 650.000,- pr gruppe og år). Berre svært lite av dette må nyttast til skuleskyss. Gaupne og Dale skular har kapasitet til å ta imot utan nye delingar. Budsjettet/økonomiplanen legg til grunn at nemnde tilpassingar vert gjennomførde. Endeleg vedtak krev ei forskriftsendring. Kommunestyret vil måtte vedta ei slik endring. I forkant av denne vil det bli gjennomført ei høyring.

Dette innlegget vart lagt inn i Jostedalen, Politikk. Bokmerk fastlenkja.

3 Responses to 7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne?

  1. kjellrun seier:

    Det er ikkje tre kvarter buss, det er 50 minutt i følge ruta… pluss ekstratiden frå Fåberg for dei som er lengst framme. Det er vel ikkje so mykje kortare tid enn ein personbil brukar til Sogndal. Hmmm…. folk som jobbar i Sogndal prøver å få seg heimekontor el. fordi det tek på å pendle kvar dag. Me so lenge det ongane får meir optimale utfordringar sosialt og pedagogisk, so er det vel ikkje so nøye ….

  2. Morten seier:

    Når rådmanen kjem med påstandar som at elevane får “meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap”, bør ein sjå på testar som nasjonale prøvar og olweus programmet gir. Det er sovidt henvist til nasjonale prøvar i budsjettframlegget, men dette er kun på kommunenivå. Er det i røynda slik at det er dei større einheitane som har det beste resultatet? Eg trur eg veit svaret. Me har og lese i Sogn Avis om topp resultater i Olweus undersøkingar for Jostedal skule. Får ikkje dette heilt til å stemme.

    Eg må og få seie at som innfødt «lustring», som har vore ute i verda og flytt heimatt til trygge og gode Luster Kommune, er eg skamfull over at det kan komme ut eit offentleg skriv frå administrasjonen i kommunen som svart på kvitt seier at me må redusere kvaliteten på dei sosiale tenestene som skule, barnehage, SFO etc for å finansiere eitt badeanlegg. Ikkje minnst er eg skamfull ovanfor dei som har flytt frå andre stadar både i Norge og utlandet for å busetje seg i utkanten av «norges beste kommune».

  3. Oddmund seier:

    RETTING: elevane fyller 9 år det året dei byrjar i 5. klassen. Ved flytting av mellomsteget til Gaupne har ei viss mellomsyster her i heimen alt sete på bussen eit halvt år når ho fyller 10.

    Nytt innlegg går inn på det med kvaliteten
    http://www.krundalen.no/blogg/?p=568

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *