jump to navigation

Generalprøve 15. november 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Språkhistorie | Skriv ut meldinga | Send som e-post

Det vert snakk om turen til Trondheim i slutten av veka, og mellomsyster (5) har forlengst lært seg ordet disputas.
- Og so skal dei spørje deg om boki di, pappa?
- Ja
- Kan andre hjelpe deg om du ikkje greier å svare?
- Nei
- Men om du ikkje veit svaret – seier dei det då?
- Kanskje…
- Spør dei deg om kvifor du skreiv so stor bok?
- Ja, sikkert…
- Kvifor skreiv du so stor bok, pappa?
- ….eh…


Kommentarar»

1. tante kaaji - 16. november 2009 kl 14:53

Glup unge. Kan hugse at på disputasen til eit nært familiemedlem opna 1. opponent med å seie at det første ho gjorde då ho fekk avhandlinga, var å ta fram ein stor kniv og dele den kompakte papirhaugen i to.

2. rypa - 18. november 2009 kl 00:24

så: KVIFOR SKREIV DU EI SÅ STOR BOK, “pappa”???

3. guffen - 19. november 2009 kl 15:09

Vert disputasen overført på nett-TV?

4. småsyt knirkefritt - 20. november 2009 kl 22:13

det er vel på sin plass å gratulere! eg bestiller time hjå doktoren måndag kl. 08. Det gjeld den vorta….

5. eies - 21. november 2009 kl 13:27

Viss det er her gratulasjonane skal skrivast, så er altså dette ein gratulasjon. Gratulera Oddmund!

(- no blir det ikkje så lang veg til doktoren.)

6. Anders - 22. november 2009 kl 19:03

Premieren var i alle fall høgst overtydande. Vonleg var mellomsyster òg nøgd. Til lukke, alle i hop!

7. oddmund - 23. november 2009 kl 00:14

rypa: Det viste seg at ingen spurde kvifor eg skreiv så stor bok, tvert om ville dei visst hatt ho større…
guffen: Det var aldri meininga å overføra disputasen på nett-TV, men eg hadde avtale om direkteoverføring på tekst-TV. Men dei dukka ikkje opp, latsabbane.
knirkefritt: For å bli kvitt den vorta, går du berrføtt i snøen 10 gonger rundt Ivar Aasen-tunet, så ser du det ordnar seg. Eg deler gjerne òg ut andre språkhistoriske råd mot helseplager.
Og takk for det som kan tolkast som gratulasjonar ovanfor. Det var gildt!


Blogroll Link Update