jump to navigation

Doktorgradssong 9. desember 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | Skriv ut meldinga | Send som e-post

På jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at “Leid, milde ljos”, omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.

Ei lita lesarrettleiing: Fyrste verset handlar om kva rettleiaren har å seia, andre verset om kor teit det er å ikkje høyra på rettleiaren, og tredje verset om å høyra på rettleiaren att, og om levering, disputas og komite/disputasleiar (”engleåsyn blid”).

Leid, milde ljos, igjenom skoddeeim,
Leid du meg fram!
Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
Leid du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
So langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.

Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
Leid du meg fram!
Eg vilde velja sjølv min veg, men no
Leid du meg fram!
Eg vilde liva vilt, var stolt og strid
Og stor i mod – å gløym den dårskaps tid!

Di makt hev signa meg, då veit eg visst
Du leider enn
I myr og fjell og heid, og so til sist
Ein morgon renn,
Då til meg smiler engleåsyn blid
Som eg hev elska fyrr, men mist ei tid.

(Her etter M.B. Landstads kirkesalmebok, 1926, s. 595.)


Kommentarar»

1. Landsmålsmannen - 16. desember 2009 kl 22:51

Når sjølve livet vert ein metafor for avhandlingi, er det på høga tid å ropa: Vakna! Velkomen til verdi!

2. eies - 8. januar 2010 kl 20:50

Oddmund: På denne glimrande og glitrande bloggen saknar eg ein viktig ting: Fleire oppdateringar!

Når du no er vorten doktor (eller dokter…), kan du ikkje då berre kvila på laurbæra og skriva gode blogginlegg, slik som berre du kan…

3. oddmund - 10. januar 2010 kl 23:36

Til båe: her er det visst berre to ting å gjere, og det er å skjerpe seg og kome attende til (den virtuelle) verdi. Finst det attføringsopplegg?

4. eies - 11. januar 2010 kl 23:41

Td. handiingsplan:

http://www.nav.no/Arbeid/Arbeidss%C3%B8ker/Arbeidsrettede+tiltak/Handlingsplan/895.cms

5. Landsmålsmannen - 12. januar 2010 kl 11:59

Men er det ein e-infinitivsmann me fær attende til verdi?! Ikkje ein inifinitivskløyvar eingong?

6. rypa - 18. januar 2010 kl 11:35

Haha, den sat, tenkjer eg. Husbonden har vore for lenge på dialektøya.

7. oddmund - 18. januar 2010 kl 12:50

Infinitivane (iallfall dei fleste…) i den nemnde avhandlinga er a, for det gjeld å stå imot e-infinitivsimperialismen frå bokmål som har råka nynorsken. Men lokalt gjeld det å ta kampen mot den ekspansive sognainfinitiven i dette uskuldreine vesle e-infinitivsområdet (Jostedalen). Det er mange kampar. Kan nokon laga/lage ei prioritert liste?

8. Landsmålsmannen - 18. januar 2010 kl 20:35

Javel!

Mot nasjonal e-imperialisme i nynorsk. = For a.
Mot lokal a-imperialisme i S&F. = For e.
Mot individuell e-imperialisme i heimen? = For kløyvd infinitiv?

Det høver i alle fall godt til den kløyvde hugen, og kan òg vera ei markering mot normalnemd-imperialismen som snart vil freiste å kjøve både dette austnorske målmerket og fleire harmlause sermerke (medan dei vanskelege problema i nynorsken vert ståande att).


Blogroll Link Update