Meir lokaldemokrati, ikkje mindre (Sogn Avis 28/10)

I går (28/10) hadde eg dette innlegget på prent i Sogn Avis. Det er eit svar på eit større intervju med avtroppande vararordførar og gruppeleiar for Ap i Luster.

Meir lokaldemokrati, ikkje mindre
Anders Bolstad er i SA 25/10 uroa for det han kallar ”aksjonsdemokratiet” i Luster. ”Folk bør heller melda seg inn i politiske parti og engasjera seg der”, seier han. Hadde han bytt ut ’heller’ med ’også’ hadde dette vore greitt. Men det er ikkje fleire som engasjerer seg i små og store samfunnsspørsmål enn at me får vera glade for alle som gjer det. Livet som kommunepolitikar og ordførar er sikkert koselegare når ein får vera i fred for engasjerte folk. Men partia burde vera glade for alle brennande sjeler og heller tenkja at desse må me få med i partia våre. Mange av våre fremste politikarar har nettopp hatt einskildsaker og interesseorganisasjonar som inngangsdør til politikken. Også her i Luster ser me at det ikkje er vasstette skott mellom parlamentarisk og utanom-parlamentarisk politisk arbeid.

Oddmund L. Hoel
Jostedalen

 

Dette innlegget vart lagt inn i Politikk. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *