Krundalsbloggen

Krundalsbloggen handlar om det som til kvar tid opptek meg. Det endrar seg sjølvsagt, men nokre stikkord er nok konstante: historia til målrørsla (for tida yrket mitt), målstrid og språkpolitikk i dag, samfunns- og kulturlivet i Jostedalen, Luster og Sogn, lokalhistorie og sjølvsagt det som går føre seg i huslyden vår på Haugamyrane, og kanskje dessutan somt som kan gå under samleomgrepet «politikk».

Attåt å vera ein blogg, kva det no måtte vera, er dette òg ein personleg nettstad med meir statisk informasjon. Under «tekstar» i toppmenyen finn ein artiklar, føredrag o.l. som eg har fått ned på skjermen opp gjennom tidene. Ein del av dette låg tidlegare på den gamle nettstaden min på dette domenet som eg har hatt sidan hausten 2002 (primært som nettstad for Krundalen kulturtenester).

Teknisk

Domenet www.krundalen.no er eigd av enkeltmannsføretaket Krundalen kulturtenester – Oddmund L. Hoel, og vertskap for domenet er Datapart AS i Gaupne. Så kanskje er det der nettstaden min òg ligg fysisk – ikkje veit eg. Der arbeider iallfall Ronny som er til stor hjelp.

Publiseringsprogrammet eg nyttar er WordPress, ei fantastisk oppfinning (oppgradert til versjon 2.7 i januar 2009). WordPress er både gratis og har open kjeldekode, så det sit tusenvis av folk rundt om og lagar forbetringar. Somme tidlegare versjonar hadde Nyvri i Bergen laga ein nynorsk versjon av. Versjon 2.7 finst så langt berre på bokmål. Dette gjeld bere kontrollpanelet («dashbordet») til publiseringsprogrammet. 

Skjermbunaden («temaet», «presentasjonen») er Regulus 2.2 av Ben Gillbanks (Binary Moon), der eg no trur eg har fått omsett det meste til nynorsk.

Fleire innstikk («plugins») har vore nyttige, og det finst visst ingen grenser for kva ein kan få tak i. Til biletpresentasjonen (albuma) har eg nytta myGallery 1.4b4 av Thomas Boley med Lightbox (ver. 2). Den såg eg hjå Skimannen, og JosteinAa har vore til god hjelp med å få dette på plass. Til lysbiletepresentasjonane nytta eg ei tid myFlash 1.10 av Alex Rabe heilt til ein oppskaka telefon frå Datapart fortalde om eit tryggleikshol i programmet som fekk servaren der til å kræsja. Så med tid å stunder vil eg kanskje installera ein ny og tryggare versjon av myFlash.

Hjå GaMerZ er det mykje nyttig. Der fann eg WP-Print 2.10 som lagar skrivarvenlege versjonar av meldingar og sider, jf. skrivarikonet og «Skriv ut» rett under. GaMerZ står òg bak WP-EMail 2.10 som gjer det mogleg å senda ei melding eller side som e-post. Eg trur eg no har fått omsett det meste av teksten i innstikka til norsk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *