Haugamyrane

2007-10-19_0013.JPG

Her bur me altså. På ovasida av vegen ligg gamletunet på Haugen, og me kjøpte tomt «nedpå (Hauga-)myrane», som den store bøen her blir kalla. Huset vårt stod ferdig i februar 2003 etter at arkitekt Rolf Sande i Sogndal og Sogn Byggservice hadde gjort ein strålande jobb.

Med litt godvilje kan me kalla dette ei tilbakeflytting tre generasjonar på etterskot. Ola, oldefar til Eli og far til Elsa, kom frå Haugen, men vart gardbrukar på Skjeret på Myklemyr.

Midt på 1800-talet var utsikta om lag frå Hagamyrane slik: 

frich-myrhorn.jpg

Joachim Frich: Myrhorn i Sogn, her etter Norge fremstillet i Tegninger (2. utg. 1853-55). – Sjå òg den handkolorerte versjonen.

150 år etter er vassføringa i Geisdalsfossen redusert etter Jostedalsutbygginga, og Myrhyrna er vorten noko meir avrunda av ukjende årsaker. Landskapet skulle likevel vera til å kjenna att i nitida ein aprilkveld i 2007:

2007-04-13_00041.JPG