jump to navigation

Kyrkjesoge 18. januar 2010

Skrive av Oddmund og lagra i: Historie, Jostedalen | 1 kommentar til no

Jostedal kyrkje er 350 år i år, og eg har skrive eit par kapittel til jubileumsboka (kjem til sommaren), om prestegarden og økonomien i prestekallet. Her er uhorveleg mykje spanande stoff om tilhøva i bygda, særleg på 1600- og 1700-talet, så eg let eit manusutkast liggja ute nokre veker ifall nokon skulle ha ein kommentar eller to til teksten (vart teke bort 12/2).

Mykje av det sentrale kjeldetilfanget er elles lagt ut på nettstaden til Jostedal historielag.

Doktorgradssong 9. desember 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 8 kommentarar

På jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at “Leid, milde ljos”, omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.

Ei lita lesarrettleiing: Fyrste verset handlar om kva rettleiaren har å seia, andre verset om kor teit det er å ikkje høyra på rettleiaren, og tredje verset om å høyra på rettleiaren att, og om levering, disputas og komite/disputasleiar (”engleåsyn blid”).

Leid, milde ljos, igjenom skoddeeim,
Leid du meg fram!
Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
Leid du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
So langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.

Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
Leid du meg fram!
Eg vilde velja sjølv min veg, men no
Leid du meg fram!
Eg vilde liva vilt, var stolt og strid
Og stor i mod – å gløym den dårskaps tid!

Di makt hev signa meg, då veit eg visst
Du leider enn
I myr og fjell og heid, og so til sist
Ein morgon renn,
Då til meg smiler engleåsyn blid
Som eg hev elska fyrr, men mist ei tid.

(Her etter M.B. Landstads kirkesalmebok, 1926, s. 595.)

Festen over… 23. november 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 4 kommentarar

… og moro var det. Prøveførelesinga og presentasjonen av avhandlinga finn du her (utan brigde).

Disputaskake

Generalprøve 15. november 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Språkhistorie | 7 kommentarar

Det vert snakk om turen til Trondheim i slutten av veka, og mellomsyster (5) har forlengst lært seg ordet disputas.
- Og so skal dei spørje deg om boki di, pappa?
- Ja
- Kan andre hjelpe deg om du ikkje greier å svare?
- Nei
- Men om du ikkje veit svaret – seier dei det då?
- Kanskje…
- Spør dei deg om kvifor du skreiv so stor bok?
- Ja, sikkert…
- Kvifor skreiv du so stor bok, pappa?
- ….eh…

Kvalitet – små og store skular 7. november 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen, Politikk | 2 kommentarar

I budsjettframlegget for 2010 går rådmannen som kjent inn for å flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst økonomisk, men vert òg forsvart fagleg med følgjande setning:

Trinna med små elevgrupper får gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap. (s. 31)

I rådmannsstaben har ein alt vedgått at dette ikkje botnar i ei konkret vurdering av faglege og sosiale tilhøve ved dei skulane det gjeld, men at ein stør seg på generelle vurderingar av små og større skular. Me har spurt om tilvisingar til faglitteratur som kan underbyggje dette. I ventetida kan me jo sjå kva eit par fagfolk på feltet meiner. (mer…)

Melding om disputasen 20/11 4. november 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 1 kommentar til no

… er lagt ut på NTNU sine nettsider. Emne for prøveførelesinga:

Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940

7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne? 31. oktober 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Jostedalen, Politikk | 3 kommentarar

Rådmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 på torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det hårreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, så her kjem dei. Kort oppsummert: (mer…)

Avhandlinga prenta 18. oktober 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 4 kommentarar

Det humanistiske fakultetet ved NTNU har no eit lite opplag av avhandlinga til (gratis) utsending etter ‘fyrst til mølla’-prinsippet. Ring sentralbordet ved NTNU (73 59 50 00) og sei kva det gjeld.

Oppdatering 16/11: NTNU har no gått tom. Det vert lagt ut nokre få eksemplar til utdeling i auditoriet under disputasen (gratis), og eg har eit lite opplag til sals, til kostpris. Det er berre å ta kontakt.

Innhaldsliste og samandrag.

omslag-avhandling

Avhandlinga godkjend 16. september 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Språkhistorie | 9 kommentarar

Eller som det meir presist og formelt heiter i e-posten frå NTNU i dag tidleg: “Komiteen sin konklusjon er at Oddmund Løkensgard Hoel si avhandling fortener å bli forsvart for graden PhD.” Disputasen vert 20. november i Trondheim.

Oppdatering 24/9:

Prøveførelesing kl 10.15, disputas kl 12.30. Stad: Auditorium D3 på Dragvol. Fyrsteopponent vert docent dr. Torbjörn Nilsson (Södertörns högskola), andreopponent professor May-Brith Ohman Nielsen (Universitetet i Agder). Den tredje komitemedlemen er professor Ingar Kaldal, NTNU.

På bui 12. august 2009

Skrive av Oddmund og lagra i: Heimeliv, Jostedalen | 2 kommentarar

Me veit det godt, men når ymse reparasjonar i heimen skal utførast, får ein det meste i andrehøgdi på Kristen-bui. I dag trong eg to ting og fekk båe:

LoddeboltKjolehekter

Blogroll Link Update