Samlivstips

Korleis hadde det gått utan gode råd frå Facebook?facebook

Lagt inn i Heimeliv | Legg att eit innspel

Grisgrendtfylket

Det er på høg tid å bli mindre oppteken av folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane. I utviklingsdebattane i fylket er folketal det hardaste argumentet. Nedgangen må snuast, og Sogn og Fjordane må helst veksa like raskt som dei andre vestlandsfylka. Mellom tiltaka er tung satsing på kysten, for der finn ein jo vekstmotorane i dei andre vestlandsfylka, og tung satsing på regionsentra (gjerne byar). Tida er over for grisgrendtsatsing.

For all del: Folketal er viktig. Folketal er kjøtvekt i den nasjonale politikken, og særleg viktig er det å demma opp mot at dei som tek akademisk utdanning flytter frå fylket for godt, i ei tid då større og større delar av ungdomskulla tek utdanning.

Det er likevel eit problem for utviklingsdebatten at ein lukkar augo både for særpreget til Sogn og Fjordane i dag og for dei lange historiske utviklingsdraga som har forma fylket. Det er meiningslaust å samanlikna seg med dei andre vestlandsfylka. Hordaland har Noregs nest største by som vekstmotor. Rogaland er det fylket i landet som sidan 1970 har hatt den største prosentvise folketalsauken (60 %), sjølvsagt på grunn av olje og gass. Stavanger og Sandnes i hop har forlengst passert Trondheim som Noregs tredje største tettstad etter SSB sine kriterium. I nord finn me stor-Ålesund på 11-plass på den same ’tettstad’-lista, attåt to andre byar i same fylke. (Wiki | SSB) Les meir

Lagt inn i Politikk | 5 innspel

Kyrkjesoge

Jostedal kyrkje er 350 år i år, og eg har skrive eit par kapittel til jubileumsboka (kjem til sommaren), om prestegarden og økonomien i prestekallet. Her er uhorveleg mykje spanande stoff om tilhøva i bygda, særleg på 1600- og 1700-talet, så eg let eit manusutkast liggja ute nokre veker ifall nokon skulle ha ein kommentar eller to til teksten (vart teke bort 12/2).

Mykje av det sentrale kjeldetilfanget er elles lagt ut på nettstaden til Jostedal historielag.

Lagt inn i Historie, Jostedalen | Legg att eit innspel

Doktorgradssong

På jobben fekk eg salmeplata til Herborg Kråkevik etter disputasen, og den høgare meininga med gåva gjekk opp for meg med andre sporet. Ein kunne kanskje tru at det hadde å gjera med at målfolka som kristna landsmålet har fått ein del plass i avhandlinga. Men nei: Grunnen er tvillaust at «Leid, milde ljos», omsett av Peter Hognestad i 1914, eigenleg er ein song om avhandlingsarbeid.

Ei lita lesarrettleiing: Fyrste verset handlar om kva rettleiaren har å seia, andre verset om kor teit det er å ikkje høyra på rettleiaren, og tredje verset om å høyra på rettleiaren att, og om levering, disputas og komite/disputasleiar (”engleåsyn blid”).

Leid, milde ljos, igjenom skoddeeim,
Leid du meg fram!
Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
Leid du meg fram!
Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
So langt og vidt – eitt steg er nok åt meg.

Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
Leid du meg fram!
Eg vilde velja sjølv min veg, men no
Leid du meg fram!
Eg vilde liva vilt, var stolt og strid
Og stor i mod – å gløym den dårskaps tid!

Di makt hev signa meg, då veit eg visst
Du leider enn
I myr og fjell og heid, og so til sist
Ein morgon renn,
Då til meg smiler engleåsyn blid
Som eg hev elska fyrr, men mist ei tid.

(Her etter M.B. Landstads kirkesalmebok, 1926, s. 595.)

Lagt inn i Språkhistorie | 8 innspel

Festen over…

… og moro var det. Prøveførelesinga og presentasjonen av avhandlinga finn du her (utan brigde).

Disputaskake

Lagt inn i Språkhistorie | 4 innspel

Generalprøve

Det vert snakk om turen til Trondheim i slutten av veka, og mellomsyster (5) har forlengst lært seg ordet disputas.
– Og so skal dei spørje deg om boki di, pappa?
– Ja
– Kan andre hjelpe deg om du ikkje greier å svare?
– Nei
– Men om du ikkje veit svaret – seier dei det då?
– Kanskje…
– Spør dei deg om kvifor du skreiv so stor bok?
– Ja, sikkert…
– Kvifor skreiv du so stor bok, pappa?
– ….eh…

Lagt inn i Heimeliv, Språkhistorie | 7 innspel

Kvalitet – små og store skular

I budsjettframlegget for 2010 går rådmannen som kjent inn for å flytte 7. klassingane ved skulane Jostedal, Skjolden og Indre Hafslo til Dale og Gaupne. Grunngjevinga er fyrst og fremst økonomisk, men vert òg forsvart fagleg med følgjande setning:

Trinna med små elevgrupper får gjerne meir optimale utfordringar, fagleg og sosialt, i noko større pedagogiske fellesskap. (s. 31)

I rådmannsstaben har ein alt vedgått at dette ikkje botnar i ei konkret vurdering av faglege og sosiale tilhøve ved dei skulane det gjeld, men at ein stør seg på generelle vurderingar av små og større skular. Me har spurt om tilvisingar til faglitteratur som kan underbyggje dette. I ventetida kan me jo sjå kva eit par fagfolk på feltet meiner. Les meir

Lagt inn i Jostedalen, Politikk | 2 innspel

Melding om disputasen 20/11

… er lagt ut på NTNU sine nettsider. Emne for prøveførelesinga:

Mål og maskulinitet. Kjønnsperspektiv på målsaka som ideologisk, kulturelt, språkleg og organisatorisk fenomen 1885-1940

Lagt inn i Språkhistorie | 1 innspel

7. klassen ved Jostedal skule til Gaupne?

Rådmannen kom med framlegget sitt til kommunebudsjett for 2010 på torsdag. Framleis er det mange som ikkje kjenner detaljane i det hårreisande framlegget om flytting av 7. klassingane ved Jostedal skule, så her kjem dei. Kort oppsummert: Les meir

Lagt inn i Jostedalen, Politikk | 3 innspel

Avhandlinga prenta

Det humanistiske fakultetet ved NTNU har no eit lite opplag av avhandlinga til (gratis) utsending etter «fyrst til mølla»-prinsippet. Ring sentralbordet ved NTNU (73 59 50 00) og sei kva det gjeld.

Oppdatering 16/11: NTNU har no gått tom. Det vert lagt ut nokre få eksemplar til utdeling i auditoriet under disputasen (gratis), og eg har eit lite opplag til sals, til kostpris. Det er berre å ta kontakt.

Innhaldsliste og samandrag.

omslag-avhandling

Lagt inn i Språkhistorie | 4 innspel