Målprisen 2011 til Reisemål Sogndal og Luster AS

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Reisemål Sogndal og Luster får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk på eit felt som er svært viktig for marknadsføringa og profileringa av bygdene våre. Ein skulle kanskje tru at det er sjølvsagt at ein så solid nynorskkommune som Luster vert marknadsført som reisemål på nynorsk, men det er det ikkje. Andre stader i dei nynorske delane av landet vårt er døma mange på at reiselivet har ein hang til å marknadsføre seg på det målet dei trur kundane vil ha framfor det målet som er ein del av eigenarten til området. Me skal heller ikkje mange år attende i Sogn og Luster før det var regelen meir enn unntaket at reiselivet marknadsførte seg på bokmål.

Reisemål Sogndal og Luster har greidd å motstå det presset som me veit er der til å bruke bokmål. I staden har reisemålselskapet gått føre som eit godt døme både for reiselivet i kommunen og i reiselivssamarbeidet langs Sognefjorden i å profilere regionen på det språket som i dag er ein sjølvsagd del av identiteten til bygdene våre. Svært viktig, ikkje minst med tanke på dei unge, er det òg at nynorsken vert halden så godt i hevd i ei moderne og framtidsretta næring som reiselivet.

Luster mållag veit godt at reisemålselskapet har sitt å baske med når det gjeld målbruken i dei store nasjonale reiselivssatsingane som i aukande grad skjer gjennom tunge system på internett. Denne målprisen er fyrst og fremst ein takk for jobben de har gjort så langt, men me vonar òg de tek prisen som ei oppmuntring til å stå på vidare!

Prisen er eit foto av Nigardsbreen, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2011!

Gaupne, 11. juni 2011

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Stein Næss, Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

Sognefjord.no - reiselivsportalen som Reisemål Sogndal og Luster har driftsansvaret for

Målprisen 2010 til Luster Sparebank

Foto: Anita Bjørk Ruud, Luster kommuneGrunngjeving frå styret i Luster mållag:

Gjennom fleire mannsaldrar har sparebankane i Luster vore nynorskbastionar i Sogn og i fylket. I dag er det Luster Sparebank som forvaltar den språklege arven etter dei tre tidlegare sparebankane i kommunen. Det gjer banken på ein framifrå måte. På nettsidene og i anna marknadsføring brukar Luster Sparebank ein god nynorsk som vitnar om eit klart språkleg medvit. Fortsett å lese ‘Målprisen 2010 til Luster Sparebank’

Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim

Sylfest LomheimUnder Lustramarknaden 13. juni vart det kunngjort at Målprisen 2009 går til Sylfest Lomheim. Prisvinnaren hadde ikkje høve til å vere til stades, men med hjelp av Radio Luster vart ei takkehelsing spela av over høgtalaranlegget.

# Pristale og takketale (Radio Luster, 13.6.2009)
# Målprisen til Sylfest Lomheim (Luster kommune, 13.6.2009)
# Målpris frå heimkommunen (NRK Sogn og Fjordane, 14.6.2009)
# Målpris til språksjefen (Sogn Avis, 15.6.2009)
# Set pris på målprisen (Sogn Avis, 1.8.2009) Fortsett å lese ‘Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim’

Årsmelding for Luster mållag 2008–09

Godkjend på årsmøtet 21.4.2009. Fortsett å lese ‘Årsmelding for Luster mållag 2008–09′

Innkalling til årsmøte 21. april

Det vert årsmøte i Luster mållag tysdag 21. april klokka 19.30.
Stad: Rådhuset (kantina)
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er vel møtt!

Yngvar Andersen fekk overlevert målprisen

Foto: Ragnhild Myklemyr, Sogn AvisUnder Lustramarknaden 7. juni kunngjorde Luster mållag at Yngvar Andersen var vinnar av Målprisen 2008, men han gifte seg i Oslo same dagen og kunne såleis ikkje vera til stades. Den 11. juli fekk så Yngvar overlevert prisen, som var ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok med Lodalskåpa som motiv.

Sogn Avis laga eit stort og fint oppslag om overrekkinga.

Årsmøtet 15. juni

På årsmøtet gjekk Kjellfrid Alme ut av styret. Kjellfrid er ein av dei verkelege veteranane i laget og har vore med i styret heilt sidan skipinga i desember 2000.

Ny styremedlem på hennar plass er Ann Kristin Sperle, som har vore varamedlem siste året. Ny varamedlem er Finn Roald Skare.

Resten av styret er som før. Sjå heile styrelista.

Årsmeldinga 2007-08 er òg lagd ut.

Årsmelding 2007-08 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 15. juni 2008. Fortsett å lese ‘Årsmelding 2007-08 for Luster mållag’

Målprisen 2008 til Yngvar Andersen

Les òg: Yngvar Andersen fekk overlevert målprisen

Grunngjeving frå styret:

Yngvar Andersen (foto: www.mykjemeir.no)Yngvar Andersen er med sine 32 år den yngste målprisvinnaren så langt. Han er oppvaksen i Fortun og bur og arbeider no i Oslo. Mange hugsar nok Yngvar som eit av dei mest lovande friidrettstalenta som Luster har fostra. Det er også treninga han har gjort til levebrød etter trenarutdanninga på Noregs idrettshøgskole. Dei siste månadene har mange vorte kjende med Yngvar som trenar på programmet Puls på NRK1 der han har fått nasjonen med på friske treningsøkter på eit like friskt lustramål. Fortsett å lese ‘Målprisen 2008 til Yngvar Andersen’

Lars Stølen til minne

Grunnleggjaren av Luster mållag, Lars Stølen, gjekk bort 17. mai. Minneordet om han ligg no under historie.

Med hjelp frå mållaget, Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag vart dikt- og songsamlinga hans “Glør i grua” utgjeven i 2006. Meir om boka finn ein hjå Jostedal historielag.