Forfatterarkiv for Oddmund

Side 2 av 5

Målprisen 2013 til Luster Turlag

Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Luster Turlag får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk gjennom 41 år. Luster er ein av dei sterkaste nynorskkommunane i landet, og det er i seg sjølv ingen sensasjon at friviljuge lag og organisasjonar her brukar nynorsk. Men det er spesielt at ein friviljug organisasjon gjennom så lang tid utmerkjer seg med å bruka så god nynorsk, og ein skal nok leita lenge for å finna ein friluftsorganisasjon i Noreg som kan måla seg med Luster Turlag på dette feltet.

Turlaget har ein omfattande aktivitet, og det gjer at det må skrivast mykje. I informasjonstilfang med kort levetid kan ein bli freista til å ta lett på språket, men det gjer ikkje turlaget. I tillegg har Luster Turlag gjeve ut fleire store bøker gjennom åra, alle med mange forfattarar, noko som gjer språkarbeidet krevjande. Men også her har språket vore eksemplarisk. Me vil òg framheva at turlaget har ein omfattande kulturhistorisk aktivitet attåt turane. Det største laget har gjort er gjenoppbygginga av Fuglesteg, men også dei mange kulturarrangementa gjer turlaget til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Luster.

Det er mange i Luster Turlag som har lagt ned mykje godt arbeid for nynorsken, og difor går prisen til laget. Det er likevel ingen tvil om at leiaren gjennom dei fleste åra sidan laget vart skipa skal ha hovudæra. Framfor nokon er det Stein Bugge Næss som har gjort Luster Turlag til eit lysande nynorskføredøme for andre friviljuge organisasjonar i Luster, Sogn og Noreg.

Prisen er eit foto frå fjellheimen vår med Hurrungane i bakgrunnen, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2013!

Gaupne, 8. juni 2013

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

Nettsida til Luster Turlag

Stein Næss, Inga Reidun Sjøtun og Oddmund Hoel (Foto: Torodd Joranger, Luster kommune)

Nynorskstafetten i Luster

Kristin Fridtun på kulturkvelden

Kristin Fridtun på kulturkvelden

Kring 40 språkinteresserte og songglade lustringar møtte fram på kulturkvelden til Luster mållag 11. februar. Språkhumorist Kristin Fridtun underheldt med «Språklege basketak», som var ordkløyveri på solid fagleg og folkeleg grunn. Den unge filologen frå Elverum er kjend som fast språkspaltist i Dag og Tid og kom i fjor med boka «Norsk etymologisk oppkok». Deretter fekk dei frammøtte prøvd songrøysene då Indre Hafslo Spelemannslag sette i gang med programmet «Dei gamle skulesongane». Innimellom fortalde Malvin Moen om songane og diktarane, som alle saman kom frå den nynorske gullrekkja. Tilstellinga vart halden i høve Nynorskstafetten til Noregs Mållag, og informasjonskonsulent Hege Lothe var til stades og helsa frå mållaget.

Nina Hauge Sørensen, Gunnhild Holen og Hege Lothe

Nina Hauge Sørensen, Gunnhild Holen og Hege Lothe

Noregs Mållag stilte med nynorskstafett-bilen sin i Luster frå morgonen. Kristin Fridtun vitja ungdomsskuleklassar i Gaupne og på Hafslo, og Hege Lothe og Luster mållag hadde møte med styrar Gunnhild Holen i Gaupne barnehage og barnehagekonsulent Nina Hauge Sørensen i kommunen. Noregs Mållag sin barnehagekampanje “Med ord blir verda stor” var her sentral.

Hege Lothe, Jarle Skartun, Erling Bjørnetun, Kjell Ertresvåg og Olav Grov

Hege Lothe, Jarle Skartun, Erling Bjørnetun, Kjell Ertresvåg og Olav Grov

Seinare på dagen var det møte med kommuneleiinga med rådmann Jarle Skartun i spissen. Her tok mållaget mellom anna opp norskopplæringa for vaksne innvandrarar som i dag er på bokmål i Luster og Sogndal, og bruk av nynorske dataprogram. Rådmannen fekk òg overlevert stafettpinnen frå Noregs Mållag.

Les òg Noregs Mållags bloggmelding frå vitjinga.

Årsmelding for Luster mållag 2009–2013

Godkjend på årsmøtet 11.2.2013. Fortsett å lese ‘Årsmelding for Luster mållag 2009–2013′

Nynorskstafett, kulturkveld og årsmøte 11. februar 2013

Kristin Fridtun vitjar Luster

Kristin Fridtun vitjar Luster

Språkåret 2013 er i gang, og Noregs Mållag har sett i gang Nynorskstafetten. Måndag 11. februar kjem stafetten til Luster.

Plakat for kulturkvelden (pdf)

Program:

Kl 14-17: Noregs Mållag og Luster Mållag er til stades på Pyramiden med informasjonstilfang

Kl 19.30: Årsmøte i Luster Mållag, Gaupne hotell. Vanlege årsmøtesaker

Kl 20.00: Kulturkveld, Gaupne hotell

“Språklege basketak”, språkkåseri ved Kristin Fridtun. 25-åringen frå Elverum er språkvitar, har fast språkspalte i Dag og Tid og gav i fjor ut den humoristiske språkboka  «Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om» (Samlaget).

Appell frå Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag.

«Dei gamle skulesongane», allsong- og forteljarstund med Malvin Moen og Indre Hafslo spelemannslag.

Enkel serveing. Alle er hjarteleg velkomne!

***

Kristin Fridtun er med på Nynorskstafetten for Norsk Målungdom, og på dagtid skal ho vitje dei to ungdomsskulane. Hege Lothe skal møte Gaupne barnehage, barnehagekonsulent Nina Hauge Sørensen og kommuneleiinga.

Målprisutdelinga utsett

Det blir ikkje utdeling av målprisen for 2012 på Lustramarknaden 9. juni slik det er oppsett i programmet. Me må kome attende til utdelinga ved eit seinare høve.

Målprisen 2011 til Reisemål Sogndal og Luster AS

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Reisemål Sogndal og Luster får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk på eit felt som er svært viktig for marknadsføringa og profileringa av bygdene våre. Ein skulle kanskje tru at det er sjølvsagt at ein så solid nynorskkommune som Luster vert marknadsført som reisemål på nynorsk, men det er det ikkje. Andre stader i dei nynorske delane av landet vårt er døma mange på at reiselivet har ein hang til å marknadsføre seg på det målet dei trur kundane vil ha framfor det målet som er ein del av eigenarten til området. Me skal heller ikkje mange år attende i Sogn og Luster før det var regelen meir enn unntaket at reiselivet marknadsførte seg på bokmål.

Reisemål Sogndal og Luster har greidd å motstå det presset som me veit er der til å bruke bokmål. I staden har reisemålselskapet gått føre som eit godt døme både for reiselivet i kommunen og i reiselivssamarbeidet langs Sognefjorden i å profilere regionen på det språket som i dag er ein sjølvsagd del av identiteten til bygdene våre. Svært viktig, ikkje minst med tanke på dei unge, er det òg at nynorsken vert halden så godt i hevd i ei moderne og framtidsretta næring som reiselivet.

Luster mållag veit godt at reisemålselskapet har sitt å baske med når det gjeld målbruken i dei store nasjonale reiselivssatsingane som i aukande grad skjer gjennom tunge system på internett. Denne målprisen er fyrst og fremst ein takk for jobben de har gjort så langt, men me vonar òg de tek prisen som ei oppmuntring til å stå på vidare!

Prisen er eit foto av Nigardsbreen, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2011!

Gaupne, 11. juni 2011

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Stein Næss, Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

Sognefjord.no - reiselivsportalen som Reisemål Sogndal og Luster har driftsansvaret for

Målprisen 2010 til Luster Sparebank

Foto: Anita Bjørk Ruud, Luster kommuneGrunngjeving frå styret i Luster mållag:

Gjennom fleire mannsaldrar har sparebankane i Luster vore nynorskbastionar i Sogn og i fylket. I dag er det Luster Sparebank som forvaltar den språklege arven etter dei tre tidlegare sparebankane i kommunen. Det gjer banken på ein framifrå måte. På nettsidene og i anna marknadsføring brukar Luster Sparebank ein god nynorsk som vitnar om eit klart språkleg medvit. Fortsett å lese ‘Målprisen 2010 til Luster Sparebank’

Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim

Sylfest LomheimUnder Lustramarknaden 13. juni vart det kunngjort at Målprisen 2009 går til Sylfest Lomheim. Prisvinnaren hadde ikkje høve til å vere til stades, men med hjelp av Radio Luster vart ei takkehelsing spela av over høgtalaranlegget.

# Pristale og takketale (Radio Luster, 13.6.2009)
# Målprisen til Sylfest Lomheim (Luster kommune, 13.6.2009)
# Målpris frå heimkommunen (NRK Sogn og Fjordane, 14.6.2009)
# Målpris til språksjefen (Sogn Avis, 15.6.2009)
# Set pris på målprisen (Sogn Avis, 1.8.2009) Fortsett å lese ‘Målprisen 2009 til Sylfest Lomheim’

Årsmelding for Luster mållag 2008–09

Godkjend på årsmøtet 21.4.2009. Fortsett å lese ‘Årsmelding for Luster mållag 2008–09′

Innkalling til årsmøte 21. april

Det vert årsmøte i Luster mållag tysdag 21. april klokka 19.30.
Stad: Rådhuset (kantina)
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er vel møtt!