Forfatterarkiv for Oddmund

Side 3 av 5

Yngvar Andersen fekk overlevert målprisen

Foto: Ragnhild Myklemyr, Sogn AvisUnder Lustramarknaden 7. juni kunngjorde Luster mållag at Yngvar Andersen var vinnar av Målprisen 2008, men han gifte seg i Oslo same dagen og kunne såleis ikkje vera til stades. Den 11. juli fekk så Yngvar overlevert prisen, som var ein akvarell av jostedalskunstnaren Arvid Elvekrok med Lodalskåpa som motiv.

Sogn Avis laga eit stort og fint oppslag om overrekkinga.

Årsmøtet 15. juni

På årsmøtet gjekk Kjellfrid Alme ut av styret. Kjellfrid er ein av dei verkelege veteranane i laget og har vore med i styret heilt sidan skipinga i desember 2000.

Ny styremedlem på hennar plass er Ann Kristin Sperle, som har vore varamedlem siste året. Ny varamedlem er Finn Roald Skare.

Resten av styret er som før. Sjå heile styrelista.

Årsmeldinga 2007-08 er òg lagd ut.

Årsmelding 2007-08 for Luster mållag

Godkjend på årsmøtet 15. juni 2008. Fortsett å lese ‘Årsmelding 2007-08 for Luster mållag’

Målprisen 2008 til Yngvar Andersen

Les òg: Yngvar Andersen fekk overlevert målprisen

Grunngjeving frå styret:

Yngvar Andersen (foto: www.mykjemeir.no)Yngvar Andersen er med sine 32 år den yngste målprisvinnaren så langt. Han er oppvaksen i Fortun og bur og arbeider no i Oslo. Mange hugsar nok Yngvar som eit av dei mest lovande friidrettstalenta som Luster har fostra. Det er også treninga han har gjort til levebrød etter trenarutdanninga på Noregs idrettshøgskole. Dei siste månadene har mange vorte kjende med Yngvar som trenar på programmet Puls på NRK1 der han har fått nasjonen med på friske treningsøkter på eit like friskt lustramål. Fortsett å lese ‘Målprisen 2008 til Yngvar Andersen’

Lars Stølen til minne

Grunnleggjaren av Luster mållag, Lars Stølen, gjekk bort 17. mai. Minneordet om han ligg no under historie.

Med hjelp frå mållaget, Jostedal historielag og Jostedal spel- og dansarlag vart dikt- og songsamlinga hans “Glør i grua” utgjeven i 2006. Meir om boka finn ein hjå Jostedal historielag.

Fuhr-boka sel som varmt kveitebrød

Berre knapt tre veker etter lanseringa er halve opplaget på 700 rive vekk. Hadde du tenkt å gje bort boka til jol? Då er det ikkje dumt å sikra seg nokre eksemplar alt no.

Ny bok: Siste dag på kontoret av Sjur H. Fuhr

Omslag Sjur H. FuhrEit utval av dikta til Sjur H. Fuhr er no endeleg komne i bokform. Boka Siste dag på kontoret av Sjur H. Fuhr – rimsmed og kronisk snøyrefant vart lansert under ei festleg samkome på 90-årsdagen til forfattaren 19. mars. Den godt vaksne debutanten har gjennom åra gledd mange med lune, gjenomtenkte og humoristiske kommentarar på vers til mangt og mykje som har hendt, anten gjennom lokalavisa, joleheftet til IL Bjørn, kalenderen til Luster sparebank eller munnlege samanhengar. No er mykje av dette teke vare på for ettertida mellom to permar, til glede både for gamle og nye lesarar.

Sonedottera Martha med gode hjelparar har skrive dikta inn på data. Stein Bugge Næss har sett opp stoffet, ordna med produksjonen og skrive eit etterord om mennesket og diktaren Sjur H. Fuhr. Luster mållag har hjelpt til med utgjevinga, og Luster sparebank, Luster kommune og Luster energiverk har støtta utgjevinga økonomisk gjennom å førehandstinga ein del eksemplar.

Boka kan kjøpast hjå
* Leik og nytte, Pyramiden i Gaupne
* Svabui (SPAR Svabo Høyheim) i Luster
* Skjeldestad Libris, Sogndal
* laget direkte ved å kontakta Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik, tlf 57 68 65 00, e-post stein.naess@luster-fjordhytter.com.

Pris: kr 200 (+ porto)
Innbunden (stive permar)
117 sider
ISBN 978-82-7650-004-2

Ope hus – Sjur H. Fuhr 90 år

Kulturarbeidaren og rimsmeden Sjur H. Fuhr fyller 90 år onsdag 19. mars og feirar dagen med ope hus på Løa til Stein Næss i Høyheimsvik. Dørene opnar klokka 16.

Klokka 17 vert det boklansering. Med hjelp frå sonedottera Marthe og Luster mållag gjev jubilanten ut sine dikt i samling. Gjennom mange år har Sjur skrive dikt som mange har hatt glede av, i lokalavisa, julehefta til IL Bjørn, kalenderen til Luster sparebank eller andre medium. No er dette endeleg samla mellom to permar.

Alle er velkomne!

Gaupne-dialekten under lupa

Den 19. desember var dialektforskaren Øystein Alexander Vangsnes, Tromsø (opphavleg frå Leikanger), i Gaupne. Han er leiar for det store nordiske dialektsyntaksprosjektet ScanDiaSyn. Det dreiar seg då altså om å finna ut korleis dialektane formar setningar (ordrekkjefølgje o.l.) på ulikt vis. Gaupne er eitt av “målepunkta” til prosjektet, og Øystein intervjua fem gaupningar, tre unge og to som har lagt den fyrste ungdomen bak seg. Luster mållag hadde gleda av å hjelpa til med å skaffa informantar. Gaupne-vitjinga fekk fine oppslag både i NRK Sogn og Fjordane og Sogn Avis. Øystein fortel meir om dagen i Gaupne og noko om kva han fann ut der på prosjektbloggen. Der finn ein òg meir om prosjektet.

Målprisen 2007 til Kåre Øvregard

Grunngjeving frå styret:

malprisen-07-1.jpgLuster mållag har i år valt å heidre ein som i over eit halvt hundreår har sett spor etter seg i arbeidet for nynorsken. Fortsett å lese ‘Målprisen 2007 til Kåre Øvregard’