Eit utval av dikta til Sjur H. Fuhr er no endeleg komne i bokform. Boka Siste dag på kontoret av Sjur H. Fuhr – rimsmed og kronisk snøyrefant vart lansert under ei festleg samkome på 90-årsdagen til forfattaren 19. mars. Den godt vaksne debutanten har gjennom åra gledd mange med lune, gjenomtenkte og humoristiske kommentarar på vers til mangt og mykje som har hendt, anten gjennom lokalavisa, joleheftet til IL Bjørn, kalenderen til Luster sparebank eller munnlege samanhengar. No er mykje av dette teke vare på for ettertida mellom to permar, til glede både for gamle og nye lesarar.
Sonedottera Martha med gode hjelparar har skrive dikta inn på data. Stein Bugge Næss har sett opp stoffet, ordna med produksjonen og skrive eit etterord om mennesket og diktaren Sjur H. Fuhr. Luster mållag har hjelpt til med utgjevinga, og Luster sparebank, Luster kommune og Luster energiverk har støtta utgjevinga økonomisk gjennom å førehandstinga ein del eksemplar.
Boka kan kjøpast hjå
* Leik og nytte, Pyramiden i Gaupne
* Svabui (SPAR Svabo Høyheim) i Luster
* Skjeldestad Libris, Sogndal
* laget direkte ved å kontakta Stein Bugge Næss, 6875 Høyheimsvik, tlf 57 68 65 00, e-post stein.naess@luster-fjordhytter.com.
Pris: kr 200 (+ porto)
Innbunden (stive permar)
117 sider
ISBN 978-82-7650-004-2
Siste kommentarar