Arkiv for kategorien "Referat"

Nynorskstafetten i Luster

Kristin Fridtun på kulturkvelden

Kristin Fridtun på kulturkvelden

Kring 40 språkinteresserte og songglade lustringar møtte fram på kulturkvelden til Luster mållag 11. februar. Språkhumorist Kristin Fridtun underheldt med «Språklege basketak», som var ordkløyveri på solid fagleg og folkeleg grunn. Den unge filologen frå Elverum er kjend som fast språkspaltist i Dag og Tid og kom i fjor med boka «Norsk etymologisk oppkok». Deretter fekk dei frammøtte prøvd songrøysene då Indre Hafslo Spelemannslag sette i gang med programmet «Dei gamle skulesongane». Innimellom fortalde Malvin Moen om songane og diktarane, som alle saman kom frå den nynorske gullrekkja. Tilstellinga vart halden i høve Nynorskstafetten til Noregs Mållag, og informasjonskonsulent Hege Lothe var til stades og helsa frå mållaget.

Nina Hauge Sørensen, Gunnhild Holen og Hege Lothe

Nina Hauge Sørensen, Gunnhild Holen og Hege Lothe

Noregs Mållag stilte med nynorskstafett-bilen sin i Luster frå morgonen. Kristin Fridtun vitja ungdomsskuleklassar i Gaupne og på Hafslo, og Hege Lothe og Luster mållag hadde møte med styrar Gunnhild Holen i Gaupne barnehage og barnehagekonsulent Nina Hauge Sørensen i kommunen. Noregs Mållag sin barnehagekampanje “Med ord blir verda stor” var her sentral.

Hege Lothe, Jarle Skartun, Erling Bjørnetun, Kjell Ertresvåg og Olav Grov

Hege Lothe, Jarle Skartun, Erling Bjørnetun, Kjell Ertresvåg og Olav Grov

Seinare på dagen var det møte med kommuneleiinga med rådmann Jarle Skartun i spissen. Her tok mållaget mellom anna opp norskopplæringa for vaksne innvandrarar som i dag er på bokmål i Luster og Sogndal, og bruk av nynorske dataprogram. Rådmannen fekk òg overlevert stafettpinnen frå Noregs Mållag.

Les òg Noregs Mållags bloggmelding frå vitjinga.

Årsmøtet 15. juni

På årsmøtet gjekk Kjellfrid Alme ut av styret. Kjellfrid er ein av dei verkelege veteranane i laget og har vore med i styret heilt sidan skipinga i desember 2000.

Ny styremedlem på hennar plass er Ann Kristin Sperle, som har vore varamedlem siste året. Ny varamedlem er Finn Roald Skare.

Resten av styret er som før. Sjå heile styrelista.

Årsmeldinga 2007-08 er òg lagd ut.

Ove Eide om Jakob Sande på årsmøtet 19. april

- Det meste av det eg har skrive er alvorlege ting, sa Jakob Sande mot slutten av livet. Sande-biografen Ove Eide tok føre seg den alvorlege Sande i eit føredrag som gong etter gong kalla fram latteren i den lydhøyre møtelyden.

[mygal=2007_aarsmote]

Fortsett å lese ‘Ove Eide om Jakob Sande på årsmøtet 19. april’

Nytt styre i mållaget

På årsmøtet 19. april gjekk to trauste målkarar ut av styret, Hans Fossøy og Ivar Buskaker. Hans hadde då seks år bak seg i styret, Ivar fire.

Inn for dei kom to unge og trauste målkvinner,  Marit Aakre Tennø (Gaupne) og Ann Kristin Sperle (Nes). Marit er sunnmøring og utdanna filmvitar, og har mellom anna arbeidd i Noregs Mållag og Kringkastingsringen. Ho flytte til Gaupne sommaren 2006. Ann Kristin er jostedøl og lærarstudent og arbeider med stadnamnprosjektet i Jostedalen.

Dei hine i styret som var på val, tok attval. Sjå heile styrelista her.

Referat frå skipingsmøtet 13. desember 2000

Fortsett å lese ‘Referat frå skipingsmøtet 13. desember 2000′