Arkiv for kategorien "Målprisen"

Målprisen 2019 til Jostedal Hotell

Jostedal Hotell er tildelt Målprisen for 2018. Det vart kunngjort under Lustramarknaden 15. juni, og prisen vart overrekt til Laila Gjerde på Jostedal hotell 28. juni.

Jostedal Hotell, og Solvang Kafé og Pensjonat som namnet var før, kunne ha fått ein målpris kvar dag det har vore drift der, men det skulle gå 68 år før det skjedde. I 1976 tok Laila Gjerde over, utvida i fleire omgangar og oppgraderte til hotellstandard for snart 20 år sidan, men den språklege standarden har alltid lege fast. Gjester frå alle delar av Noreg, Norden og andre verdshjørne møter ein stødig og konsekvent bruk av nynorsk og eit like stødig jostedalsmål bak disken. Det kan knapt tenkjast ein betre ambassadør for nynorsk og dialekt enn den lystige og venlege Laila.

Jostedal Hotell og Laila har både vorte Årets bedrift og fått Bygdeutviklingsprisen til fylket, som speglar to viktige ting: Det er både eit solid forretningstiltak og ein særs viktig institusjon for bygda, som held heilårsope og er bygdefolket sin faste møteplass. Me kan lett rekne det som sjølvsagt at eit familieeigd bygdehotell nyttar nynorsk, men då undervurderer me kva det har å seie. Verksemder som brukar nynorsk som noko heilt sjølvsagt, utan å gjere noko nummer av det, viser både gjestane og ikkje minst alle som bur og veks opp her at det er det samfunnsberande språket. Det er gull verdt for eit språk som dominerer lokalt, men som nasjonalt må kjempe for status og livsrom.

Prisen er som før eit foto frå fjellheimen vår, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2019!

Gaupne, 15. juni 2019

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel, leiar

Stein Bugge Næss   Ann Kristin Sperle    Ragnhild Ås    Eldbjørg H. Fossøy

Målprisen 2018 til Torodd Joranger

Torodd Joranger er tildelt Målprisen for 2018. Det vart kunngjort under Lustramarknaden 9. juni. Prisvinnaren var sjølv på familietur i Oslo fekk overrekt prisen 12. juni av leiar Oddmund Hoel. Grunngjeving frå styret i Luster mållag: Fortsett å lese ‘Målprisen 2018 til Torodd Joranger’

Ikkje målprisutdeling

Det blir ikkje målprisutdeling på Lustramarknaden 10. juni 2017. Me orienterer om dette sidan det har vore eit fast innslag dei fleste år sidan 2002. Det er praktiske grunnar til at me ikkje deler ut prisen no, og me vil kome attende til målprisen ved eit seinare høve. God lustramarknad til alle!

 

Målprisen 2016 til Norskopplæringa i Sogndal

Leiar for Norskopplæringa, Elisabeth Norman, tok imot prisen under Lustramarknaden saman med seks av kursdeltakarane frå Luster. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Dette er opplæringstenesta som driv norskopplæring for vaksne innvandrarar i Luster. Det vanlege i mange nynorskkommunar har vore at dei vaksne har lært bokmål sjølv om borna deira har lært nynorsk i skulen. Dei siste åra har eit stort nasjonalt arbeid med Noregs Mållag i spissen fått mange titals nynorskkommunar til å leggja om til nynorsk. Det er rett og rimeleg og ikkje verdt ein målpris i seg sjølv, men somme kommunar har vore viktigare enn andre i denne omlegginga. Fortsett å lese ‘Målprisen 2016 til Norskopplæringa i Sogndal’

Målprisen 2015 til Radio Luster

Styreleiar Finn Skare og redaktør Kristen Ormberg tok imot prisen på vegne av Radio Luster under Lustramarknaden 13. juni. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:
Radio Luster hadde si fyrste sending valdagen i 1985 og har såleis halde det gåande i 30 år. Det er verdt ein pris i seg sjølv. Dei fleste nærradioane som dukka opp i 1980- og 90-åra, vart døgnfluger, og nokre få utvikla seg til kommersielle radioar. Radio Luster er i den vesle og eksklusive gruppa med radioar som har drive ein mannsalder på dugnad, og attpåtil i bygde-Noreg.

Når Radio Luster får Målprisen, er det for god dialektbruk gjennom alle desse åra. Radioen har hatt ein stad mellom 150 og 200 medarbeidarar på 30 år. Når ein snakkar på radio, tenkjer ein betre etter enn til vanleg korleis ein formulerer seg og kva ord, former og talemåtar ein nyttar. Slik har Radio Luster vore ein skule i god og medviten dialektbruk for medarbeidarane, til glede for dei mange lyttarane i kommunen. Radioen har òg hatt mange medarbeidarar som har vore opptekne av språk og dialekt, og som har gjort dette til tema i sendingane. Fortsett å lese ‘Målprisen 2015 til Radio Luster’

Målprisen 2014 til Breheimsenteret

Breheimsenteret frå målprisen 2014. Oddmund Hoel (Luster mållag) og Peder Kjærvik (Breheimsenteret)

Breheimsenteret frå målprisen 2014. Oddmund Hoel (Luster mållag) og Peder Kjærvik (Breheimsenteret)

Peder Kjærvik tok imot prisen på vegne av Breheimsenteret under Lustramarknaden 14. juni. Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Breheimsenteret AS får målprisen for den gode og konsekvente bruken av nynorsk sidan senteret opna dørene i Jostedalen i 1993. Med «konsekvent» meiner me ikkje at Breheimsenteret berre brukar nynorsk. På ein vanleg sommardag er eit større tal tungemål i omlaup på Breheimsenteret. Turistar frå alle verds- og landsdelar og sommararbeidarar i aktivitetsverksemdene frå like mange stader, syter for eit stort språkleg mangfald. Men tekstane som rettar seg mot dei ein kan forvente at skjønar norsk, altså alle frå Norden, inkludert det sentrale Austlandet, er på nynorsk. Breheimsenteret ser aldri ut til å ha brydd seg det minste om at denne delen av marknaden er meir vant til å få ting på bokmål. Fortsett å lese ‘Målprisen 2014 til Breheimsenteret’

Målprisen 2013 til Luster Turlag

Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Luster Turlag får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk gjennom 41 år. Luster er ein av dei sterkaste nynorskkommunane i landet, og det er i seg sjølv ingen sensasjon at friviljuge lag og organisasjonar her brukar nynorsk. Men det er spesielt at ein friviljug organisasjon gjennom så lang tid utmerkjer seg med å bruka så god nynorsk, og ein skal nok leita lenge for å finna ein friluftsorganisasjon i Noreg som kan måla seg med Luster Turlag på dette feltet.

Turlaget har ein omfattande aktivitet, og det gjer at det må skrivast mykje. I informasjonstilfang med kort levetid kan ein bli freista til å ta lett på språket, men det gjer ikkje turlaget. I tillegg har Luster Turlag gjeve ut fleire store bøker gjennom åra, alle med mange forfattarar, noko som gjer språkarbeidet krevjande. Men også her har språket vore eksemplarisk. Me vil òg framheva at turlaget har ein omfattande kulturhistorisk aktivitet attåt turane. Det største laget har gjort er gjenoppbygginga av Fuglesteg, men også dei mange kulturarrangementa gjer turlaget til ein av dei viktigaste kulturinstitusjonane i Luster.

Det er mange i Luster Turlag som har lagt ned mykje godt arbeid for nynorsken, og difor går prisen til laget. Det er likevel ingen tvil om at leiaren gjennom dei fleste åra sidan laget vart skipa skal ha hovudæra. Framfor nokon er det Stein Bugge Næss som har gjort Luster Turlag til eit lysande nynorskføredøme for andre friviljuge organisasjonar i Luster, Sogn og Noreg.

Prisen er eit foto frå fjellheimen vår med Hurrungane i bakgrunnen, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2013!

Gaupne, 8. juni 2013

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

Nettsida til Luster Turlag

Stein Næss, Inga Reidun Sjøtun og Oddmund Hoel (Foto: Torodd Joranger, Luster kommune)

Målprisutdelinga utsett

Det blir ikkje utdeling av målprisen for 2012 på Lustramarknaden 9. juni slik det er oppsett i programmet. Me må kome attende til utdelinga ved eit seinare høve.

Målprisen 2011 til Reisemål Sogndal og Luster AS

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Iren Vatne frå Reisemål Sogndal og Luster tek imot målprisen 2011

Grunngjeving frå styret i Luster mållag:

Reisemål Sogndal og Luster får målprisen for god og konsekvent bruk av nynorsk på eit felt som er svært viktig for marknadsføringa og profileringa av bygdene våre. Ein skulle kanskje tru at det er sjølvsagt at ein så solid nynorskkommune som Luster vert marknadsført som reisemål på nynorsk, men det er det ikkje. Andre stader i dei nynorske delane av landet vårt er døma mange på at reiselivet har ein hang til å marknadsføre seg på det målet dei trur kundane vil ha framfor det målet som er ein del av eigenarten til området. Me skal heller ikkje mange år attende i Sogn og Luster før det var regelen meir enn unntaket at reiselivet marknadsførte seg på bokmål.

Reisemål Sogndal og Luster har greidd å motstå det presset som me veit er der til å bruke bokmål. I staden har reisemålselskapet gått føre som eit godt døme både for reiselivet i kommunen og i reiselivssamarbeidet langs Sognefjorden i å profilere regionen på det språket som i dag er ein sjølvsagd del av identiteten til bygdene våre. Svært viktig, ikkje minst med tanke på dei unge, er det òg at nynorsken vert halden så godt i hevd i ei moderne og framtidsretta næring som reiselivet.

Luster mållag veit godt at reisemålselskapet har sitt å baske med når det gjeld målbruken i dei store nasjonale reiselivssatsingane som i aukande grad skjer gjennom tunge system på internett. Denne målprisen er fyrst og fremst ein takk for jobben de har gjort så langt, men me vonar òg de tek prisen som ei oppmuntring til å stå på vidare!

Prisen er eit foto av Nigardsbreen, teke av Frank Smedegård.

Til lukke med Målprisen 2011!

Gaupne, 11. juni 2011

Styret i Luster mållag

Oddmund L. Hoel
leiar

Stein Næss, Ann Kristin Sperle, Marit Aakre Tennø, Eldbjørg H. Fossøy

Sognefjord.no - reiselivsportalen som Reisemål Sogndal og Luster har driftsansvaret for

Målprisen 2010 til Luster Sparebank

Foto: Anita Bjørk Ruud, Luster kommuneGrunngjeving frå styret i Luster mållag:

Gjennom fleire mannsaldrar har sparebankane i Luster vore nynorskbastionar i Sogn og i fylket. I dag er det Luster Sparebank som forvaltar den språklege arven etter dei tre tidlegare sparebankane i kommunen. Det gjer banken på ein framifrå måte. På nettsidene og i anna marknadsføring brukar Luster Sparebank ein god nynorsk som vitnar om eit klart språkleg medvit. Fortsett å lese ‘Målprisen 2010 til Luster Sparebank’