Det blir årsmøte i Luster mållag måndag 9. april klokka 18-19 på rådhuset i Gaupne.
Vanlege årsmøtesaker (årsmelding, rekneskap, arbeidsplan, val).
Styret
Eit lokallag i Noregs Mållag
Det blir årsmøte i Luster mållag måndag 9. april klokka 18-19 på rådhuset i Gaupne.
Vanlege årsmøtesaker (årsmelding, rekneskap, arbeidsplan, val).
Styret
Det blir årsmøte i laget sundag 10. april klokka 19-20 på rådhuset i Gaupne.
Vanlege årsmøtesaker (årsmelding, rekneskap, arbeidsplan, val).
Styret
Det vert årsmøte i Luster mållag sundag 30. mars klokka 19.00 på Rådhuset i Gaupne.
Vanlege årsmøtesaker.
Styret
Språkåret 2013 er i gang, og Noregs Mållag har sett i gang Nynorskstafetten. Måndag 11. februar kjem stafetten til Luster.
Plakat for kulturkvelden (pdf)
Program:
Kl 14-17: Noregs Mållag og Luster Mållag er til stades på Pyramiden med informasjonstilfang
Kl 19.30: Årsmøte i Luster Mållag, Gaupne hotell. Vanlege årsmøtesaker
Kl 20.00: Kulturkveld, Gaupne hotell
“Språklege basketak”, språkkåseri ved Kristin Fridtun. 25-åringen frå Elverum er språkvitar, har fast språkspalte i Dag og Tid og gav i fjor ut den humoristiske språkboka «Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om» (Samlaget).
Appell frå Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag.
«Dei gamle skulesongane», allsong- og forteljarstund med Malvin Moen og Indre Hafslo spelemannslag.
Enkel serveing. Alle er hjarteleg velkomne!
***
Kristin Fridtun er med på Nynorskstafetten for Norsk Målungdom, og på dagtid skal ho vitje dei to ungdomsskulane. Hege Lothe skal møte Gaupne barnehage, barnehagekonsulent Nina Hauge Sørensen og kommuneleiinga.
Det vert årsmøte i Luster mållag tysdag 21. april klokka 19.30.
Stad: Rådhuset (kantina)
Vanlege årsmøtesaker.
Alle er vel møtt!
Kulturarbeidaren og rimsmeden Sjur H. Fuhr fyller 90 år onsdag 19. mars og feirar dagen med ope hus på Løa til Stein Næss i Høyheimsvik. Dørene opnar klokka 16.
Klokka 17 vert det boklansering. Med hjelp frå sonedottera Marthe og Luster mållag gjev jubilanten ut sine dikt i samling. Gjennom mange år har Sjur skrive dikt som mange har hatt glede av, i lokalavisa, julehefta til IL Bjørn, kalenderen til Luster sparebank eller andre medium. No er dette endeleg samla mellom to permar.
Alle er velkomne!
Leiaren i Politiets Fellesforbund, hafslobygdingen Arne Johannessen, fekk heilt fortent “Målprisen 2007″ frå Noregs Mållag i helga. Sjå oppslag hjå Noregs Mållag og Sogn Avis. Tidlegare i år fekk han òg målprisen til Hordaland mållag. Han har ikkje tapt seg sidan han fekk målprisen vår i 2005!
Det har vore landsmøte i Noregs Mållag på Hell ved Trondheim, denne gongen utan utsendingar frå Luster mållag. Men me var godt representerte bak kulissane – Marit var der og arbeidde for skrivarstova under landsmøtet.
NM har elles fått eit meir spanande styre enn på lange tider. Etter ein del ordskifte i media føreåt kom Frp-ordføraren i Austevoll, Helge-André Njaastad, inn i styret. Det gjorde òg Jon Todal, busett i Kautokeino og ekspert på samisk språk, og Reza Rezaee frå Oslo, tidlegare bystyrerepresentant og tidlegare internasjonal leiar i SV. Hege Myklebust held fram som leiar.
Luster mållag har hatt heimesider sidan tidleg i mars og har no fått dei over på eit skikkeleg publiseringssystem (WordPress). Her vil det raskt koma meir informasjon om aktiviteten til laget og om nynorsk, dialekt og målreisingsarbeid i Luster.
Siste kommentarar